Fleire har tilgang til rekreasjonsareal og nærturterreng

Fleire har tilgang til rekreasjonsareal og nærturterreng

I 2013 hadde om lag 52 prosent av alle busette i tettstadane i Møre og Romsdal trygg tilgang til rekreasjonsareal, medan 63 prosent hadde trygg tilgang til nærturterreng. Dette er ei positiv utvikling frå 2011, då tilsvarande tal var 44 og 57 prosent. Fylket ligg litt over landet når det gjeld trygg tilgang til rekreasjonsareal og godt over når det gjeld nærturterreng.

For gruppa barn og unge under 20 år er delen med trygg tilgang til rekreasjonsareal og nærturterreng endå høgare. I denne aldersgruppa hadde 55 prosent trygg tilgang til rekreasjonsareal og 67 prosent tilgang til nærturterreng i fylket i 2013.

Det er store skilnader i tilgangen til slike areal mellom kommunane i fylket og mellom dei einskilde tettstadane. I kommunane Kristiansund, Sande, Skodje, Averøy og Surnadal haddde over 70 prosent av alle busette i tettstadene trygg tilgang til rekreasjonsareal. Dårlegast ut kom kommunane Vanylven, Ørsta og Gjemnes der under 30 prosent hadde det same.

Ser ein på tilgangen til nærturterreng, så var det kommunane Sande, Midsund, Sandøy, Rindal og Aure som kom best ut. Der hadde over 90 prosent av innbyggarane trygg tilgang til slike areal. I Sula og Ålesund var den tilsvarande delen høvesvis 44 og 47 prosent. Kommunane Norddal, Halsa og Smøla har ikkje tettstader etter SSB sin definisjon og er difor ikkje med i denne statistikken.

SSB forklarar auken i rekreasjonsareal for landet med at det i fleire kommunar er innført ei fartsgrense på 30 kilometer i timen på vegar der fartsgrensa tidlegare var 40 eller 50 kilometer i timen. Auken i bygging av turstiar i fylket kan nok også forklare ein del av den positive veksten.

Del med trygg tilgang til rekreasjonsareal

Last ned

Del med trygg tilgang til nærturterreng

Last ned