3 av 4 innlagte med rusproblem er menn

3 av 4 innlagte med rusproblem er menn

Tal frå Helse Møre og Romsdal for Ålesund behandlingssenter og Molde behandlingssenter i perioden 2011 til 2014 viser at flest blei innlagt for behandling etter alkohol som hovudrusmiddel. Dette utgjorde mellom 51 prosent (2011) og 74 prosent (2013). Etter alkohol kom illegale rusmiddel (cannabis er halde utanom) som samla for perioden utgjorde 21 prosent. Cannabis var hovudrusmiddel for 8 prosent av dei som vart innlagt i perioden sett under eitt. Flest menn vart innlagt for rusproblem. Delen kvinner låg på mellom 24 og 26 prosent i perioden 2011 til 2014.

Hovudrusmiddel hos innlagte etter kjønn og år 2011 -2014, Møre og Romsdal*

Last ned