Tre firedelar av barna bur med begge foreldra

Tre firedelar av barna bur med begge foreldra

Den mest vanlege familietypen, både i Møre og Romsdal og i landet - er éinpersonfamilien*, dvs. einslege. Desse utgjer 41,1 prosent av familiane i fylket og 44,3 prosent i landet. Tre kommunar i Møre og Romsdal ligg her over landsgjennomsnittet, og det er Volda, Ålesund og Smøla. Lågast del éinpersonfamiliar finn vi i kommunane Skodje, Aukra og Sula.

I Møre og Romsdal har 34,7 prosent av familiane heimebuande barn – uansett alder. I denne kategorien inngår familiar med vaksne barn buande heime – desse utgjer 8,2 prosent av familiane i fylket. Kommunane med størst del barnefamiliar er Skodje, Sula og Giske. Færrast barnefamiliar er det i kommunane Volda og Molde, samt i Smøla.

Om lag tre firedelar av barna bur saman med begge foreldra. På bakgrunn av folkeregistrert adresse ser ein at 19,4 prosent bur i lag med mor og 4,2 prosent bur med far. Her er situasjonen i Møre og Romsdal den same som i landet elles. Det er relativt små endringar dei siste ti åra i kven barna bur med. Delen som bur med far har auka med eitt prosentpoeng. Elles ser vi at færre bur med gifte foreldre og fleire med sambuande foreldre.

Av dei som er over 18 år i Møre og Romsdal er det 61,7 prosent som anten er gifte (46,5 prosent) eller sambuande (15,2 prosent). Delen som lever i par er – trass i kvinneunderskotet – blant dei høgaste i landet; berre Akershus, Rogaland og Nord-Trøndelag har høgare del. Fylka som skil seg ut er Oslo, Finnmark og Troms. Der er delen som ikkje er par større enn elles i landet

*Som familie reknar SSB også enkeltpersonar, slik at alle personar reknast å tilhøyra ein familie. Merk at frå 2014 er ugifte studentar plassert i hushald/familiar på studiestaden. Tidlegare vart desse innlemma i foreldra sitt hushald. Merk òg skilnaden på hushald og familie: I ein familie er det ein eller to generasjonar medan eit hushald kan ha både fleire generasjonar og fleire familiar. Ein kommune har derfor fleire familiar enn hushald.

Familietypar Møre og Romsdal 2014

Last ned

Samlivsform personar 18 år og over i privathushald etter fylke 2014. Prosent

Last ned

Barn 0-17 år etter kven dei bur saman med, Møre og Romsdal 2005 og 2014. Prosent

Last ned