I noregstoppen på eksport av sjømat

I noregstoppen på eksport av sjømat

Fastlands-Noreg eksporterte i 2014 tradisjonelle varer til ein samla verdi av 387 milliardar kroner. Dei tre største eksportfylka i landet er Hordaland, Rogaland og Møre og Romsdal. Saman eksporterte desse fylka tradisjonelle varer til ein verdi på 136 milliardar kroner, om lag 35 prosent av den samla eksporten frå Noreg. Eksporten frå Møre og Romsdal hadde ein verdi på 34 milliardar kroner og utgjorde i 2014 9,0 prosent av den nasjonale eksporten. I perioden frå 2013 til 2014 auka eksporten frå Møre og Romsdal med om lag 3,0 milliardar kroner eller 9,0 prosent.

Noreg er ein stor eksportør av fisk og fiskeprodukt og eksporterte samla for 67 milliardar kroner i 2014. Møre og Romsdal er det suverent største fiskeeksportfylket og står åleine for 15,5 milliardar kroner, noko som utgjer nærare 23 prosent av Noregs fiskeeksport. Frå 2013 til 2014 auka eksporten av fisk med nærare 1,8 milliardar kroner i Møre og Romsdal, medan den for landet sett under eitt berre auka med om lag 7,0 milliardar kroner. Dermed hadde fiskeeksporten i fylket ei betre utvikling enn landet sett under eitt. Fiskeksporten utgjorde 46 prosent av all eksporten frå Møre og Romsdal.

Ei samanstilling av eksportverdien for perioden januar–juli 2015 med same periode i 2014 viser at det har vore ein auke på 15 prosent. Auken er høgare i Møre og Romsdal enn for landet sett under eitt, som auka med 7,0 prosent. Samla for perioden januar til juli 2015 er Møre og Romsdal det nest største eksportfylket, med ein eksportverdi på om lag 21 milliardar – ein auke på 2,7 milliardar kronar. Størst nedgang målt i kroner hadde Rogaland, med ein nedgang på 8,5 milliardar, medan Nordland opplevde den største auken, med 5 milliardar i første halvdel av 2015.

Fastlandseksport, etter produksjonsfylke i mill. kr

Last ned

Eksport av fisk etter fylke 2013 og 2014 i mill kroner

Last ned

Fastlandseksport etter produksjonsfylke januar - juli 2015 i mill kroner

Last ned