Innvandring

Innvandring

Nær 30 000 innvandrarar i fylket

Ved inngangen til 2015 var det 29 579 innvandrarar i Møre og Romsdal. Dette er 2 240 fleire enn året før, ein auke på 8,2 prosent. Dette er den lågaste prosentvise tilveksten i innvandrarbefolkninga i fylket sidan 2005. I Noreg var auken i talet på innvandrarar litt lågare enn i Møre og Romsdal siste år, med 6,0 prosent, eller om lag 45 800 personar.

I definisjonen av innvandrarar inngår både dei som har to utanlandske foreldre og har flytta til landet vårt samt dei som er fødde i Noreg av to innvandrarforeldre. Størstedelen av innvandrarane er dei som er fødde i utlandet og har innvandra til landet. I Møre og Romsdal utgjorde norskfødde med innvandrarforeldre berre 9,5 prosent av innvandrarbefolkninga totalt og det er no 2 815 personar i denne kategorien i fylket. I Noreg utgjer norskfødde av to innvandrarforeldre 16,8 prosent av alle innvandrarar.

Det har vore sterk auke i innvandrarbefolkninga i fylket sidan 2007. I 2007 var det registrert om lag 10 500 innvandrarar i Møre og Romsdal, medan talet no er nesten 30 000. Det vil seie at det har vore nær ei tredobling. Innvandrarane utgjer no 11,2 prosent av befolkninga i fylket, mot 4,3 prosent i 2007. På nasjonalt nivå utgjer innvandrarane 15,6 prosent av folketalet i Noreg, mot 8,9 prosent i 2007.

Av alle fylka i landet er det Oslo som har høgast del innvandrarar. Her utgjer innvandrarane 31,9 prosent av befolkninga. Akershus er fylket med nest høgast del – 17,9 prosent. Deretter følgjer Buskerud og Rogaland, som begge har om lag 17 prosent. Møre og Romsdal ligg på 12. plass blandt fylka. Lågast del innvandrarar har Nord-Trøndelag, med 7,3 prosent, og Nordland, Hedmark og Oppland som alle har om lag 9 prosent.

Høgast del innvandrarar i Sande og Ulstein

Det er store forskjellar mellom kommunane i Møre og Romsdal når det gjeld del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre i befolkninga. Sande og Ulstein er dei kommunane med høgast del innvandrarar, her utgjer innvandrarbefolkninga høvesvis 16,8 prosent og 16,7 prosent av folketalet. Deretter følgjer Stordal, Stranda og Hareid. Alle desse kommunane har ein høgare del innvandrar i befolkninga enn snittet for landet. Desidert lågast del innvandrar har Rindal kommune, med 1,7 prosent innvandrarar. Låg del innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre finn vi også i kommunane Surnadal, Halsa og Vanylven, som alle har under 6 prosent.

Den største innvandrarbefolkninga i absolutte tal finn vi i bykommunane Ålesund, Molde og Kristiansund. Av desse tre kommunane ligg Ålesund på topp med nærare 6 000 personar. Utanom bykommunane er det flest innvandrarar i Haram, Ulstein og Herøy. Alle desse tre kommunane har fleire enn 1 000 innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre.

Flest menn blant innvandrarane

Det er noko fleire menn enn kvinner i innvandrarbefolkninga i fylket; 53,8 prosent menn og 46,2 prosent kvinner. Dette betyr at det er ein litt større overvekt av menn blant innvandrarane i Møre og Romsdal enn i landet sett under eitt. I løpet av året 2014 vart det 1 282 fleire mannlege innvandrarar og 958 fleire kvinnelege.

Dei fleste kommunane i fylket har fleire menn enn kvinner i innvandrarbefolkninga. Størst overvekt av menn blant innvandrarane finn vi i Sande og Ulstein. Her er høvesvis 65,7 prosent og 62,0 prosent av innvandrarane menn. Størst kvinneoverskot blant innvandrarane er det i Vanylven kommune. Der er 56,3 prosent av innvandrarane kvinner.

Flest innvandrarar frå Polen

Innvandrarar med bakgrunn frå Europa er framleis den klart største innvandrargruppa i fylket – 66,1 prosent har europeisk bakgrunn. Nest største gruppe er innvandrarar frå Asia, som utgjer 9,8 prosent av innvandrarbefolkninga. Målt i absolutte tal har det sidan 2010 vore størst auke i innvandrarar frå Europa, medan den prosentvis største auken har vore i innvandrarar frå Afrika. Menn er i fleirtal blant innvandrarane både frå Europa og frå Afrika. Blant innvandrarane frå Asia og Sør- og Mellom-Amerika er det derimot flest kvinner.

Ser ein nærare på dei ulike nasjonalitetane finn ein, som i landet sett under eitt, at den største innvandrargruppa i Møre og Romsdal er frå Polen. Ved inngangen til 2015 var det om lag 5 600 polakkar i fylket. Det vil seie at polakkane utgjer 19 prosent av alle innvandrarane. Den nest største gruppa er innvandrarar frå Litauen, med 3 165 personar og deretter følgjer Tyskland, med 1 876 personar. Nasjonalt er Sverige på tredjeplass blant innvandrarbefolkninga, medan svenskane i Møre og Romsdal kjem på ein 11. plass blant innvandrargruppene.

Kvar femte innbyggar mellom 20-44 år er innvandrar

Den største gruppa innvandrarar i fylket er i alderen 20-44 år. Denne aldersgruppa utgjer 54,9 prosent av innvandrarbefolkninga i 2015. Det er også i denne aldersgruppa at innvandrarane utgjer størst prosentdel av befolkninga; nær kvar femte innbyggar i fylket (19,6 prosent) i alderen 20-44 år er innvandrar. Også blant barn i alderen 0-5 år er innvandrardelen relativt høg. I befolkninga 67 år og eldre er det ein låg del innvandrarar.

Dei fleste innvandrarane i fylket har relativt kort butid; 58,5 prosent har budd her i 5 år eller kortare.

Innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal og landet

Last ned

Utvikling i del innvandrarar av befolkning, Møre og Romsdal og landet 2001-2015. Prosent

Last ned

Innvandrarbefolkninga* etter kjønn 2015

Last ned

Innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal per 1. janaur 2015

Last ned

Innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre, etter verdsdel og kjønn. Møre og Romsdal

Last ned

Dei 10 største innvandrargruppene i Møre og Romsdal per 1. januar 2015

Last ned

Tal innvandrarar i Møre og Romsdal etter butid, 2015

Last ned

Innvandrarar i Møre og Romsdal etter alder

Last ned