Folketalsutvikling

Folketalsutvikling

Framleis god vekst i folketalet

Ved inngangen til 2015 budde det om lag 263 700 personar i Møre og Romsdal. Folketalet auka med 2 189 personar i 2014, ein vekst på 0,8 prosent. Folketalet i Noreg auka med 1,1 prosent i same periode. Både for fylket og landet var veksten i 2014 på same nivå som året før.

Nettoinnvandringa frå utlandet betyr mest for folketalsveksten i fylket. I 2014 hadde Møre og Romsdal ei nettoinnvandring på 2 362 personar. Dette er ein nedgang frå 2 536 året før, men er likevel eit høgt innvandringsnivå. Innanlandsk hadde fylket eit flyttetap på -684 personar i 2014. Dette var eit mindre innanlandsk flyttetap enn i 2013, då flyttetapet var på -901 personar. Fødselsoverskotet var på 502 personar, om lag same nivå som året før.

Folketalet vaks i alle fylka i 2014. Oslo hadde den sterkaste veksten, følgt av Akershus, Rogaland, Vest-Agder og Sør-Trøndelag. Det var berre desse fem fylka som hadde større vekst enn snittet for landet.

Folketalsauke i 21 kommunar siste året

I 2014 vaks folketalet i 21 av kommunane i fylket. Det var 15 kommunar som hadde nedgang. Relativt sett var det størst vekst i Aukra, Ulstein, Sula og Giske. I tillegg hadde seks andre kommunar også ein høgare vekst enn landssnittet; Averøy, Skodje, Midsund, Vestnes, Molde og Ålesund. Størst relativ nedgang i folketalet hadde Sandøy. Vanylven hadde den største nedgangen målt i absolutte tal.
Av byane i fylket hadde Molde den største relative veksten i 2014, ein vekst på 1,3 prosent. Dette var ein markert høgare vekst enn i 2013, då veksten var på 0,4 prosent. Ålesund hadde den største veksten målt i absolutte tal – det vart om lag 570 fleire innbyggarar i kommunen i 2014. Kristiansund hadde ein vekst på 0,5 prosent, ein lågare vekst enn året før, då folketalet auka med 1,1 prosent.

Sterk vekst i nokre sunnmørskommunar

Dei siste 10 åra har 23 av fylket sine 36 kommunar hatt vekst i folketalet. Nokre av desse har hatt ein vekst som har vore langt sterkare enn snittet for landet. Dette gjeld Skodje, Ulstein, Giske, Sula, Ålesund, og Aukra. Dei tre førstnemnde har alle vakse med over 20 prosent. I motsett ende av skalaen finn vi 12 kommunar som har opplevd nedgang i folketalet dei siste 10 åra. Kommunane Vanylven, Halsa og Norddal har hatt den største befolkningsnedgangen. Stranda kommune har akkurat det same folketalet som dei hadde i 2005.

Totalt har folketalet i Møre og Romsdal auka med om lag 19 000 personar, eller 7,8 prosent sidan 2005. Folketalet i Noreg auka med 12,1 prosent i same tiårsperiode. Oslo, Rogaland og Akershus skil seg ut med den klart sterkaste veksten av alle fylka. At Møre og Romsdal har ein svakare folketalsvekst enn landet elles fører til at innbyggarane i fylket utgjer ein stadig mindre del av befolkninga i Noreg. I dag utgjer innbyggarane i Møre og Romsdal 5,1 prosent av befolkninga i landet, mot 5,5 prosent i 1995.

Fleire eldre – færre unge

Alderssamansetjinga i befolkninga i fylket har endra seg dei siste fem åra. Den sterkaste folketalsveksten har vore i aldersgruppene 60-69 år og 70-79 år. Desse har hatt ein vekst på høvesvis 15,5 prosent og 12,7 prosent. I den eldste aldersgruppa (80 år og over) har det ikkje blitt fleire, verken i relative eller absolutte tal.

Det har òg vore stor vekst dei siste fem åra i personar i alderen 20-29 år, men veksten i denne gruppa er svakare enn for landet sett under eitt. I same periode har det i fylket totalt sett vore ein nedgang i talet på unge under 20 år – i absolutte tal var endringa på 41 færre unge. Dette trass i at det har blitt fleire barn mellom 0-5 år.

Folketalsutvikling i kommunane, fylket og landet 1995-2015, per 1. januar

Last ned

Folketalsveksten i Møre og Romsdal siste 10 åra, 1.1 2005-2015

Last ned

Folketal fordelt på aldersgrupper 1. januar 2015 i kommunane i Møre og Romsdal, fylket og landet

Last ned

Folketalsutvikling etter aldersgrupper i Møre og Romsdal og landet, 2010-2015. Prosent

Last ned

Folketilvekst, fødselsoverskot, innanlandsk nettoflytting og nettoinnvandring, Møre og Romsdal 2000-2014

Last ned

Folkmengde 1.1. 2015 og endringar frå året før

Last ned