Stadig færre fødslar, men i fertilitetstoppen

Stadig færre fødslar, men i fertilitetstoppen

Det vart fødd 2 758 barn i Møre og Romsdal i 2014, ein liten nedgang på 4 fødslar frå året før. Med eitt unntak (år 2006) er dette det lågaste fødselstalet som er registrert i fylket på over 40 år. Ser ein på utviklinga over tid er nedgangen i talet på fødde markert. Fram til starten av 2000-talet hadde fylket meir enn 3 000 fødslar kvart år.

Færre fødslar gir også eit fallande fødselsoverskot. Fødselsoverskotet er differansen mellom fødde og døde. I 2014 var fødselsoverskotet i Møre og Romsdal på 502. Det er ein liten auke frå 2013, men er likevel eitt av dei lågaste fødselsoverskota som er registrert i fylket. Av kommunane i fylket var det 20 som hadde fødselsoverskot, medan 14 hadde fødselsunderskot. Fødselsoverskotet var høgast i Ålesund, medan Smøla hadde det største underskotet.

Årsakene til nedgangen i fødselstal er at fruktbarheita går ned samt at fylket har færre kvinner i fertil alder enn tidlegare. På byrjinga av 1970-talet hadde Møre og Romsdal eit samla fruktbarheitstal for kvinner på 2,9. I 2014 var det tilsvarande talet 1,8. I tillegg har fylket få unge kvinner, med 89,8 kvinner per 100 menn i aldersgruppa 20-39 år. Av alle fylka i Noreg er det berre Finnmark som har eit større kvinneunderskot i denne aldersgruppa.

På trass av at fruktbarheitstala har gått ned er Møre og Romsdal framleis blant dei fylka i landet med høgast fruktbarheit. I 2014 er samla fruktbarheitstal for fylket 1,81. Det er berre tre fylke som har høgare fruktbarheitstal.

Gjennomsnittleg fødealder i Møre og Romsdal var 30,2 år for kvinner og 33,4 år for menn. Dette er ein auke frå året før på 0,3 år for kvinner og 0,1 år for menn. Gjennomsnittleg fødealder har auka jamt dei seinare åra, men Møre og Romsdal ligg framleis under snittet for landet for både mors og fars fødealder.

Fødde og fødselsoverskot

Last ned

Samla fruktbarheitstal for kvinner etter fylke, 2014

Last ned

Utvikling i gjennomsnittleg fødealder mor og far, Møre og Romsdal og landet

Last ned