Flytting

Flytting

Lågare innanlandsk flyttetap

Møre og Romsdal hadde i 2014 eit samla flytteoverskot på1 678 personar. Det er innflyttingar frå utlandet som gir fylket eit flytteoverskot totalt sett. Innanlandsk hadde fylket eit flyttetap på -684 personar i 2014. Det samla flytteoverskotet i fylket var litt høgare i 2014 enn i 2013, då det var på 1 635 personar. Årsaka til dette var at færre flytta ut av fylket til andre stadar i Noreg.

Alle fylka i landet hadde flytteoverskot i 2014 om ein ser på alle flyttingar under eitt. Sogn og Fjordane hadde det minste flytteoverskotet og Oslo hadde det største. Utan innvandring ville mange fylke hatt eit samla flyttetap; ti fylke hadde eit innanlandsk flyttetap i 2014. Nordland hadde det største innanlandske flyttetapet i absolutte tal, medan Finnmark hadde størst tap i prosent av folkemengda. Akershus hadde størst innanlandsk flyttegevinst både i absolutte og relative tal.

Møre og Romsdal hadde i 2014 størst flyttetap til Sør-Trøndelag. 986 personar flytta frå fylket til Sør-Trøndelag, medan 736 flytta frå Sør-Trøndelag til Møre og Romsdal. Dette ga eit flyttetap på -250 personar. Flyttetapet var om lag like stort til Oslo; her var flyttetapet på -240 personar. Møre og Romsdal hadde flyttegevinst frå seks fylke og størst gevinst var det frå Sogn og Fjordane.

Høgare utflytting blant innvandrarane

Det innanlandske flyttetapet i fylket er større blant innvandrarar og norskfødde med innvandrarforeldre enn i resten av befolkninga. Om ein ser på utflyttingar til andre stadar i Noreg, finn ein at det er høgare utflytting blant innvandrarane enn blant resten av befolkninga. I 2014 flytta 8,8 prosent av innvandrarane i fylket til andre stadar i landet, medan det tilsvarande talet for resten av befolkninga var 3,4 prosent.

Samla flytteoverskot i 23 kommunar

23 kommunar i fylket hadde eit samla flytteoverskot i 2014. Størst overskot hadde Ålesund med 383 personar, men dette var ein nedgang frå 2013, då kommunen hadde eit flytteoverskot på heile 481. Molde hadde det nest største flytteoverskotet, med 257 personar. 12 av kommunane hadde netto flyttetap i 2014 og tapet var størst i Sykkylven: Kommunen hadde eit flyttetap på -40 personar i 2014, ein stor kontrast til året før, då kommunen hadde ein flyttegevinst på 45 personar.

Dersom ein ser på den innanlandske flyttinga isolert, finn ein at 11 kommunar hadde ein flyttegevinst i 2014. Giske og Sula hadde, som året før, den største gevinsten (men då i motsett rekkefølgje), deretter følgjer Averøy og Aukra. Alle desse kommunane hadde over 40 personar pluss i innanlandsk nettoflytting. Som i 2013 var det Sunndal som hadde det største innanlandske flyttetapet. Alle tre byane i fylket fekk også eit netto innanlandsk flyttetap i 2014.

Unge vaksne flyttar ut

Møre og Romsdal har eit stort innanlandsk flyttetap i aldersgruppa 20-29 år. Mange flyttar ut i 20-åra og særleg til dei sentrale storbyregionane – ofte for å ta høgare utdanning. I 2014 hadde fylket eit flyttetap i denne aldersgruppa på -728 personar, noko som er ei betring samanlikna med dei tre åra før. Samla for åra 2010-2014 hadde fylket eit tap på -4 060 personar i alderen 20-29 år. I same periode var det også eit relativt stort innanlandsk flyttetap i aldersgruppa 16-19 år. Det var berre i aldersgruppene 0-5 år og 30-39 år at fylket hadde ein innanlandsk flyttegevinst i denne perioden.

Om ein ser på all flytting totalt har fylket flytteoverskot i alle aldersgrupper i perioden 2010-2014, men det er store kjønnsforskjellar. I alle aldersgrupper mellom 16 og 49 år er det klart mindre flyttegevinst blant kvinner enn blant menn, og i gruppa 16-19 år har fylket eit netto tap av kvinner.

Alle flyttingar, innanlandske og frå og til utlandet, etter fylke. 2014

Last ned

Innanlandske nettoflyttingar etter alder, 2010-2014

Last ned

Innanlandsk flytting til og frå Møre og Romsdal 2011-2014

Last ned

Nettoflytting til og frå Møre og Romsdal 2014

Last ned

Nettoflytting (all flytting) 2014

Last ned

Innanlandsk nettoflytting 2014

Last ned

Samla nettoflytting Møre og Romsdal 2010-2014, etter kjønn og alder

Last ned