Høg demografisk sårbarheit i Møre og Romsdal

Høg demografisk sårbarheit i Møre og Romsdal

NORDREGIO (Nordic Centre for Spatial Development) laga i 2011 eit kart over demografiske sårbarheiter i Norden basert på 10 indikatorar. Desse indikatorane vart vurdert opp mot nordiske gjennomsnitt. Vi har brukt same indikatorane, men vurdert opp mot snitt for Noreg i 2014.

Tre av indikatorane tar føre seg ratar for levande fødde, døde og nettoflytting. Fem av dei ser på alderssamansetting i befolkninga, noko som både gjev oss ein bilete av situasjonen i dag og som også fortel oss litt om framtida sine ratar (for levande fødde, døde og flytting). Dei to siste indikatorane ser på kjønnsbalansen i befolkninga, høvesvis i den samla befolkninga og i aldersgruppa 15-64 år. Ved å summere opp kor mange av dei ti indikatorane kommunen er dårlegare enn landsgjennomsnittet på, får vi eit mål på sårbarheit.

Møre og Romsdal kjem ut med sårbarheit på 7 av indikatorane. Den gjennomsnittlege skåren for kommunane i fylket er 7,6. Kommunane som kjem best ut er Ålesund og Ulstein, med berre tre sårbarheiter, medan dei kringliggjande kommunane Hareid, Sula, Giske og Skodje kjem på plassane bak.

Store delar av Møre og Romsdal kjem dårleg ut samanlikna med landet. Særleg gjeld det indikatorane knytt til kjønnsbalanse og kor stor del av befolkninga som er i aldersgruppene 25-54 samt 65 og eldre. På desse indikatorane har 33 av våre 36 kommunar verdiar som blir vurdert som sårbare.
Når ein skal studere kartet er det viktig å hugse at det kan vere ulike forklaringar bak skåren på ein indikator. Til dømes kan ein kommune ha negativ kjønnsbalanse grunna høg (arbeids-)innvandring, medan ein annan får det grunna høgare utflytting blant kvinner (det er fleire menn enn kvinner som vandrar inn til Møre og Romsdal og det er fleire kvinner enn menn som flytter ut).

Demografisk sårbarheit 2014

Last ned