Nedgang i barnetalet

Nedgang i barnetalet

Ved starten av 2015 var det 58 038 barn (0-17 år) i Møre og Romsdal. Barna utgjer 22,0 prosent av innbyggjarane i fylket.

Etter å ha hatt vekst i barnetalet kvart år frå 2010, hadde fylket i 2014 igjen ein nedgang på 176 barn i alderen 0-17 år. Ser vi utviklinga i eit tiårsperspektiv er det ein tydeleg nedgang i talet på barn. Det bur no rundt 900 færre barn i fylket enn for ti år sidan.

Den prosentvise endringa i Møre og Romsdal frå 2005 til 2015 viser ein reduksjon på 1,5 prosent, mens det i landet totalt har vore ein vekst i barnetalet på 3,5 prosent. Landet har hatt vekst i tal barn kvart år frå 2005.

Samanliknar vi barnetalet i 2015 med talet i 2005 ser vi at det er 8 kommunar som har hatt større vekst i tal barn enn landsgjennomsnittet på 3,5 prosent. Størst prosentvis vekst har det vore i kommunane Skodje og Sula, med ein auke på nær 17 prosent. I faktiske tal er det Ålesund som har størst auke – med 489 fleire barn i 2015 enn i 2005. Kristiansund har hatt ein auke på 97 barn, mens Molde har hatt ein reduksjon på 87 barn.

25 av dei 36 kommunane i fylket har hatt nedgang i barnetalet frå 2005 til 2015. Størst har reduksjonane vore i Vanylven og Vestnes, som no har 236 og 235 færre barn enn for 10 år sidan. Størst prosentvis nedgang har det vore i Nesset kommune, med 28,8 prosent, det utgjer 229 færre barn.

Møre og Romsdal ligg omtrent på landsgjennomsnittet når det gjeld kor stor del barna utgjer av befolkninga totalt; delen barn er høvesvis 22,0 og 21,8 prosent. Det er stor variasjon mellom kommunane i Møre og Romsdal i kor stor del barnebefolkninga utgjer. Delen er størst i Giske kommune, med 26,1 prosent, og lågast i Sande kommune, med 18,7 prosent.

Årleg prosentvis endring i gruppa 0-17 år, fylket og landet 2005-2015

Last ned

Tal barn 0-17 år i Møre og Romsdal 2005-2015

Last ned

Barn 0-17 år etter kommune 2005 og 2015

Last ned