Stabile tal for omsetnader i Møre og Romsdal

Stabile tal for omsetnader i Møre og Romsdal

Det har vore relativt stabile omsetnadstal for bustader både i Møre og Romsdal og for landet samla i perioden 2012–2014. Frå 2013 til 2014 auka talet på omsetnader i fylket og for landet - begge med 0,6 prosent. Dét utgjer 27 fleire omsetnader i Møre og Romsdal og 510 på landsbasis. Talet på omsetnader per kommune heng saman med innbyggartalet i kommunen, og det er såleis inga overrasking at det er bykommunane som har flest omsetnader, medan dei mindre kommunane har færrast.

Endringane frå år til år blir ofte påverka av at enkelte større prosjekt blir gjennomført det året, og såleis kan ein ha store svingingar frå år til år. Til dømes var den største skilnaden frå 2013 til 2014 nedgangen i Kristiansund, der talet på omsetnader gjekk ned med 86 eller 16,3 prosent. Det er likevel på nivå med Molde, som har omtrent same innbyggartal. Størst auke i talet på omsetnader i 2014 hadde Volda, med ein auke på 45 prosent eller 59 omsetnader; frå om lag 130-140 i 2012 og 2013 til 190 i 2014.

Omsetnadsvekst og bustadprisvekst skaper stadig nye rekordar i samla kjøpesum i fylket. I 2014 var den på nær 11 milliardar kroner, medan den i landet sett under eitt var på omtrent 275 milliardar kroner. Gjennomsnittleg pris for ein omsetnad (omsetnad av bustadeigedom med heimelsoverføring) i Møre og Romsdal var i 2014 på 2 399 732 kroner. Det er 740 990 kronar lågare enn talet for landet. Det er berre Molde av kommunane i fylket som har ein gjennomsnittleg pris som er høgare enn kva den er for landet sett under eitt. Etter Molde er det ikkje overraskande dei andre byane samt dei næraste omlandskommunane til Ålesund som kjem på pristoppen.

Møre og Romsdal hadde frå 2013 til 2014 ein høgare auke i gjennomsnittleg kjøpesum enn heile landet. I Møre og Romsdal auka den med 4,9 prosent, medan den for landet samla auka med 2,9 prosent.

Tal bustadsal, samla kjøpesum og gjennomsnittleg kjøpesum per omsetning, kommunevis, samla for fylket og landet

Last ned