Lågare tempo i bustadbygginga

Lågare tempo i bustadbygginga

Den samla bustadbygginga i Møre og Romsdal var i 2014 på 1 333 bustader. Det er det lågaste talet sidan 2010. Det er 424 færre bustader enn i 2013, og er ein reduksjon på -24,1 prosent. På landsbasis var det også nedgang frå 2013 til 2014, om enn lågare enn kva den var her i fylket. Nedgangen for landet sett under eitt var på 10,5 prosent, og med det så var også bustadbygginga på landsbasis på lågaste nivå sidan 2010.

Mellom kommunane i fylket var det størst nedgang i bygginga i Ulstein, der bustadbygginga var nær halvert frå året før. I tillegg gjekk bustadbygginga i byane og enkelte bynære kommunar, som til dømes Sula, Giske og Fræna, ned. Av byane hadde Ålesund den største nedgangen, med 59 (16,2 prosent) færre igangsette bustader, medan nedgangen var prosentvis høgast i Kristiansund, med 33,3 prosent (eller 45 bustader). Bustadbygginga i distriktskommunane i 2014 heldt seg betre enn i byane, om enn noko variert. Særleg Vanylven, Eide og Aure hadde god vekst.

I perioden 2010-2014 vart 6 735 bustader fullført i Møre og Romsdal. Av dei var 35,7 prosent einebustader, 39,1 prosent rekkehus og liknande, 16,2 prosent var bustadblokker og 9,0 prosent andre bustader. Kva type bustad som blir bygd skil seg litt mellom byane og fylket elles. Byane står for ein større del bustadblokker og andre bustader. I definisjonen andre bustader ligg ulike bustadtypar, som til dømes bu- og servicesenter, bufellesskap, hybelhus og ikkje minst studentbustader, som utgjorde majoriteten av andre bustader bygd i perioden.

Samanlikna med landet vert det bygd meir einebustader og rekkehus her i fylket, medan blokker er mest populære på landsbasis. Dette heng truleg saman med arealpress i dei områda av landet med høgast befolkningsauke.

Igangsette bustadar og fullførte bustadar, kommunevis, Møre og Romsdal og landet

Last ned