Vassførekomstar

Vassførekomstar

Stort sett bra vasskvalitet i Møre og Romsdal

Møre og Romsdal fylkeskommune er vassregionmyndigheit. Dette inneber at fylkeskommunen er ansvarleg for arbeidet med vassforskrifta. Føremålet med vassforskrifta er i utganspunktet god miljøtilstand i elv, innsjø, grunnvatn og kyst innan 2021.
Per 26.8.2015 er det 1 899 vassførekomstar i Møre og Romsdal vassregion, fordelt på 1 149 elvar og bekkefelt, 405 innsjøar, 116 grunnvassførekomstar og 229 kystvassførekomstar. Kystvassførekomstane utgjer det største arealet.
Dei fleste vassførekomstane i Møre og Romsdal er i god og antatt god tilstand (62,8 prosent). Vassførekomstar i svært god og antatt svært god tilstand utgjer 3,4 prosent. Samstundes er det likevel 26,2 prosent som er i for dårleg miljøtilstand (dårlegare enn god tilstand). 7,1 prosent er uklassifisert. 35,2 prosent av vassførekomstane står i risiko for ikkje å vere i god miljøtilstand i 2021. Gjennom vassforskrifta skal ein gjere tiltak for at flest mogeleg av desse når god miljøtilstand innan 2021.

Størst påverknad frå vasskraft

Diagrammet viser tal vassførekomstar fordelt på kva som påverkar miljøtilstanden i den. Når ein ser på kva som påverkar vassførekomstane, er flest vassførekomstar påverka av vasskraftutbygging (fysiske inngrep med minstevassføring). Landbruk og avløp følgjer deretter. Punktutslepp og avrenning frå industri utgjer ein låg del, men her er det ofte store utfordringar med forureina sediment og miljøgifter som vil vere svært kostnadskrevjande å rydde opp i.

Kunnskapsmangel

Vassforskrifta set store krav til kunnskap om tilstand. Av diagramma kan vi lese at dei fleste vassførekomstane har ein antatt miljøtilstand. I berre nokre få prosent av vassførekomstane har ein god nok kunnskap til å sette ein sikker miljøtilstand. Mykje av arbeidet vidare blir derfor å auke kunnskapsnivået om tilstanden i vassførekomstane våre.

Vassførekomstar fordelt på type påverking av miljøtilstand 2015

Last ned

Vassførekomstar etter tilstand 2015

Last ned

Vassførekomstar i Møre og Romsdal vassregion 2015

Last ned

Vassførekomstar etter risiko for dårlegare enn god tilstand 2015

Last ned