Sju av ti i fylket bur i ein tettstad

Sju av ti i fylket bur i ein tettstad

Statistisk sentralbyrå (SSB) definerer tettstad som ei samling hus der det bur minst 200 personar og avstanden mellom husa ikkje er lengre enn 50 meter. Av det samla folketalet i Møre og Romsdal budde 70,2 prosent av oss i ein tettstad etter denne definisjonen. Det er lågare enn talet for landet, der 80,5 prosent bur i ein tettstad.

Fem kommunar i fylket har høgare del av busetnaden i tettstader enn gjennomsnittet for landet. Dei fem er Ålesund, Sula, Kristiansund, Molde og Hareid. Den lågaste delen av busetnaden som bur i tettstader har kommunane Vanylven, Averøy og Aure. Det er i tillegg tre kommunar som ikkje har tettstad i eigen kommune etter definisjonen til SSB. Det er Smøla, Halsa og Norddal.

Ålesund har det største arealet definert som tettstad, med 21,5 km². Molde og Kristiansund følgjer på plassane bak. I desse tre kommunane ligg talet på busette per km² tettstad i overkant av 2 000. Det er klart høgast i fylket, og også over landsgjennomsnittet på 1916 busette per km² tettstad. Fylkes¬gjennomsnittet for busette per km² tettstad er 1 463, og det er berre bykommunane og Volda (1 715) som ligg over dette.

Talet på personar busette i tettstad auka frå 2013 til 2014 med 1,6 prosent på landsbasis. Auken i Møre og Romsdal var litt lågare, med 1,4 prosent. Talet på kommunar i fylket der halvparten eller fleire bur i tettstader var 20 både i 2013 og 2014. Følgeleg er talet på kommunar der majoriteten av innbyggarane ikkje bur i tettstader nede i 16.

SSB endra i 2013 metode for avgrensing av tettstader. Samanlikning med tidlegare år vert derfor ikkje presis.

Areal og befolkning i tettstadar kommunevis, fylket og landet 2014

Last ned

Fordelinga mellom busette i tett- og spreiddbygd strøk, per kommune, fylket og landet 2014

Last ned