Nedgang i fiske av laks og sjøaure

Nedgang i fiske av laks og sjøaure

Innrapportert fangst av laks og sjøaure har blitt lågare, og tala for 2014 er dei lågaste nokon sinne. Strengare regulering i fisket og mangelfull rapportering reduserer fangstala, men dei viser uansett at bestandane har ei dårleg utvikling. Sjøauren har størst nedgang, og overvaking i fylket viser at lakselus kan vere ei viktig årsak til dette.

Laks og sjøaure treng gyte- og oppvekstforhold i elvane, samstundes som dei treng beite- og overlevingsforhold i sjøen. I sjøen trugar lus frå oppdrettslaks, endra næringstilhøve som følgje av svingingar i beitedyr og klimaendringar. Kraftregulering, fysiske inngrep, sportsfiske og lakseparasitten Gyrodactylus salaris påverkar negativt i elvane.

Medan laksen vandrar ut i havet for å beite, oppheld sjøauren seg i fjordane. Dette gjer den særs utsett for lakselus. Overvaking i Romsdalsfjorden og Storfjorden har vist skadeleg høgt lusepress og auka dødelegheit. Det blir jobba hardt for å få ned tala på lus i oppdrettsanlegga. Auka resistens mot legemidlar gjer situasjonen alvorleg og nye metodar for å fjerne lusa er kontinuerleg under utvikling. Talet på lus per fisk går ned, men talet på oppdrettsfisk aukar. Nasjonalt er det anslått å vere om lag 475 000 villaks, medan talet på oppdrettslaks er om lag 800 gonger så mykje.

Parasitten Gyrodactylus salaris tek livet av unglaksen og fleire gode lakseelvar har vore infiserte. Parasitten døyr i saltvatn, men smittar mellom naboelvar gjennom brakkvatn i fjordane. Smitte kan òg overførast via vatn i båtar og på fiskeutstyr. Parasitten er rekna som ein stor trussel, og det nasjonale målet er å utrydde arten. Møre og Romsdal har klart målet i 5 av 7 regionar i fylket. Dei som står att er Rauma- og Driva-regionane. Raumaregionen blei kjemisk behandla i 2013 og 2014 og må overvakast i 5 år før eventuell friskmelding. Drivaregionen skal etter planen behandlast i 2022.

Elvefangst av laks og sjøaure i Møre og Romsdal 2000-2014

Last ned

Utvikling av lakselus per oppdrettslaks og biomasse (tonn) oppdrettslaks i Møre og Romsdal

Last ned

Estimat av lakselusrelatert dødelegheit i prosent per år

Last ned