Hjortevilt

Hjortevilt

Møre og Romsdal nest største hjortefylke

Sesongen 2014-2015 blei det i alt felt 35 140 hjort i Noreg. I Møre og Romsdal blei det felt totalt 9 299, noko som gjer oss til det nest største hjortefylket. Berre Sogn og Fjordane hadde felt fleire hjort, med 10 318 dyr. Kvoten for Møre og Romsdal var i år 13 350, som gir ein fellingsprosent på 69,6 prosent.

Frå figuren ser ein at fellingstala har hatt ein kraftig oppgang fram til 2010, for så å gå ned. Tal på fellingsløyve stig også jamt fram til 2011, før dei går ned. Fellingsprosenten i 2014 var på 69,6 prosent – noko som er på det jamne. Frå 2012 har trenden vore ein reduksjon i tildelingar, og talet felte hjort har også gått ned. Dette kan tyde på ein nedgang på tal hjort i regionen.

Den vanlegaste jakta i fylket er hjortejakt, med 5 425 jegerar i 2014. Den nest mest populære jakta er rådyrjakt, med omlag 3 000 jegerar. Rypejegerar og elgjegerar er det omtrent like mange av, men dei to siste åra har talet på rypejegerar blitt høgare. Villreinjegerar er det færrast av og talet held seg stabilt mellom 500 – 750. Det er fortsatt slik at det i stor grad er menn som jaktar. Delen kvinner som jaktar er minst blant småviltjegerane (2,8 prosent) og høgast blant elgjegerar (5,2 prosent).

Hjortevilt og trafikk – rådyr er største risiko

Av hjortevilt er det rådyret som er klart mest utsett for å bli påkøyrt. I enkelte år er det nesten dobbelt så mange påkøyrte rådyr som hjort. For intervallåret 2013 – 2014 var det 354 påkøyrte rådyr og 197 påkøyrte hjort. Tal trafikkdrepne hjort og rådyr har minka dei siste åra. Dette kan ha samanheng med både mindre tettleik av hjortevilt og med vellykka tiltak gjort på dei meir utsette vegstrekningane, til dømes rydding av skog. Eit mindre tal hjortevilt blir gjennom året påkøyrt av tog. Det er ikkje registert trafikkdrepne villrein.

Felt hjort, tildelt fellingsløyve og fellingsprosent i Møre og Romsdal 1990-2015

Last ned

Hjortevilt påkøyrt av bil og tog, Møre og Romsdal 1991-2014

Last ned

Aktive jegarar, Møre og Romsdal, intervallår 2014-2015

Last ned

Felte hjort etter fylke, intervallår

Last ned