Uføre/Sjukefråvær
Flest kvinner uføretrygda
Per juli 2015 var det 14 467 uføre personar i Møre og Romsdal, ein auke på 2,4 prosent samanlikna med same månad i fjor. Landet hadde ein auke på 0,8 prosent, til 311 964 personar. Om lag 60 prosent av dei uføretrygda er kvinner.
Færre med nedsett arbeidsevne
Det er 9 888 personar med nedsett arbeidsevne i Møre og Romsdal per 1. juli 2015. Dette er ein nedgang på 196 mot same månad i fjor og ei endring på -1,9 prosent. For landet var det ein auke på 0,1 prosent - til 205 648. Personar med nedsett arbeidsevne omfattar personar som på grunn av sjukdom, skade eller andre hindringar har behov for oppfølging frå NAV.
Sjukefråvær
Legemeldt sjukefråvær i Møre og Romsdal var 5,4 prosent ved utgangen av 4. kvartal 2014, det same som i 4. kvartal i 2013. Menn hadde eit sjukefråvær på 3,9 prosent og kvinner 7,4 prosent. Høgast sjukefråvær er det i kommunane Nesset, Vanylven og Ørsta, alle over 6,0 prosent. Lågast er det i Haram og Ulstein, som har under 4,5 prosent sjukefråvær.
Landet har også same sjukefråværsprosenten i 4. kvartal 2014 som året før, med ein fråværsprosent på 5,4 prosent. 4,0 prosent for menn og 7,1 prosent for kvinner. Sjukefråværet gikk ned i fleire fylke og størst nedgang hadde Buskerud og Oppland, med 1,6 prosent. Deretter følgjer Oslo med 1,5 prosent. Det legemeldte fråværet er framleis lågast i Rogaland (4,5) og Oslo (4,6). Det høgaste sjukefråværet finn ein i Finnmark (6,9) og i Østfold (6,6).