Låg arbeidsplassdekning i kommunane rundt Ålesund

Låg arbeidsplassdekning i kommunane rundt Ålesund

Arbeidsplassdekning er talet på arbeidsplassar (sysselsette etter arbeidsstad) i prosent av talet på arbeidstakarar (sysselsette etter bustad). Arbeidsplassdekning på meir enn 100 prosent betyr at talet på arbeidstakarar som arbeider i kommunen er større enn talet på arbeidstakarar som er busette i kommunen (inklusive dei som arbeider i eigen kommune eller andre stadar).

Det er fire kommunar i Møre og Romsdal som har 100 prosent dekning eller meir; Molde, Ulstein, Ålesund og Sunndal. Som regel er 100 prosent dekning typisk for regionsenter. Den lågaste arbeidsplassdekninga finn vi i Nesset, Gjemnes, Giske, Sula og Skodje. Dette er kommunar som kan seiast å vere typiske pendlarkommunar; til dømes Giske, Sula og Skodje som ligg nær Ålesund – og Gjemnes som ligg midt mellom Molde og Kristiansund.

Koplar vi arbeidsplassdekning saman med pendlingsstraumar, får vi eit bilde av kor integrert dei ulike bu- og arbeidsmarknadsregionane i fylket er.

Arbeidsplassdekninga i Møre og Romsdal var i 2014 på 96 prosent. Dette er om lag som tidlegare år og viser at fylket har om lag 5 000 færre arbeidsplassar enn arbeidstakarar. Av kommunane er det 10 kommunar som har betre arbeidsplassdekning enn fylkessnittet.

Blant fylka elles er det to fylke som har fleire arbeidsplassar enn arbeidstakarar. Oslo er fylket med flest arbeidsplassar, med ei arbeidsplassdekning på 131. Deretter følgjer Sør-Trøndelag. I botn ligg Akershus og Østfold, begge på 88 prosent.

Arbeidsplassdekning 2014

Last ned

Arbeidsplassdekning kommunevis 2014

Last ned