Arbeidsløysa

Arbeidsløysa

Auke i arbeidsløysa

I august 2015 er det 3 999 personar heilt utan arbeid i Møre og Romsdal. Det svarar til 2,9 prosent av arbeidsstokken og er ein auke i arbeidsløysa på 23,4 prosent frå same månad i fjor. I august 2015 var det 334 arbeidssøkarar i ulike arbeidsmarknadstiltak, 109 fleire enn i august 2014. Til saman gir dette ei brutto arbeidsløyse på 4 333 personar i fylket. Arbeidsløysa i Møre og Romsdal er no 2,6 prosent for kvinner og 3,1 prosent for menn.

Kommunane som har flest ledige i forhold til arbeidsstyrken er Sande, Hareid, Kristiansund og Vestnes, alle med 4 prosent eller meir. Færrast ledige var det i kommunane Norddal, Rindal, Aukra og Sandøy. 10 kommunar i fylket har høgare arbeidsløyse enn landssnittet (3,1 prosent), og 13 kommunar høgare enn fylkessnittet (2,9 prosent) i august 2015.

I landet er det 84 702 heilt ledige. Dette er 3,1 prosent av arbeidsstokken, og er ei auke på 7,3 prosent samanlikna med same periode i fjor. Auken har vore særlig stor i Rogaland, der tilsette i oljenæringa er særlig utsett på grunn av låge oljeprisar og nedgang i oljeinvesteringane.

Størst auke for ingeniørar og IKT-utdanna

Det siste året er det auke i arbeidsløysa innan dei fleste yrkesgruppene. Klart størst auke i prosent er det mellom dei som har yrkesbakgrunn innan ingeniør- og IKT-fag. Denne yrkesgruppa har over dobbelt så mange ledige no som for eit år sidan. Samla står industri- ingeniør- og IKT-fag for 25 prosent av arbeidsløysa i august 2015. For yrkesgruppene «serviceyrker og anna arbeid», «barne- og ungdomsarbeid», «helse, pleie og omsorg» og «undervisning» er det liten auke i arbeidsløysa det siste året.

Det siste året er det auke i arbeidsløysa innan alle aldersgruppene med unntak av dei under 19 år. Størst prosentvis auke er det blant dei som er over 60 år, der auken er på 68 prosent det siste året.

Møre og Romsdal er framleis blant dei fylka som har lågast arbeidsløyse. Arbeidsløysa i fylka varierer frå 4,2 prosent i Aust-Agder ned til 2,0 prosent i Sogn og Fjordane.

Ser vi på det siste året, har arbeidsløysa i Møre og Romsdal stige med 0,5 prosentpoeng, mot 0,2 for landet.
Med bakgrunn i lågare oljepris og mindre investeringar i den sektoren er det ikkje overraskande at arbeidsløysa har auka i 2015.

Ledig etter yrke

Last ned

Faktisk arbeidsløyse i Møre og Romsdal

Last ned

Arbeidsløysa i Møre og Romsdal etter alder august 2014 og 2015

Last ned

Arbeidsløysa i prosent av arbeidsstyrken august 2015

Last ned