Vidaregåande skular

Vidaregåande skular

Nesten 60 prosent fullførte vidaregåande opplæring på normert tid

Framleis er det slik at dei aller fleste av elevane går direkte frå grunnskule til vidaregåande opplæring. I 2013 gjekk 98,3 prosent av alle ungdommane i Møre og Romsdal direkte inn i vidaregåande opplæring, medan talet for landet var 97,8 prosent. Av desse fekk 86,9 prosent oppfylt førsteønsket sitt når det gjeld utdanningsprogram. Dette er ein nedgang frå 89,2 prosent i 2011, og Møre og Romsdal ligg no under landsgjennomsnittet på 88,5 prosent.

Tala frå dei siste to åra syner at delen elevar og lærlingar som har bestått vidaregåande opplæring i løpet av normert tid har auka i Møre og Romsdal. Frå 2011 til 2012 var auken relativt beskjeden, med 0,7 prosent. Derimot fekk vi ein stor vekst frå 2012 til 2013, på heile 2,5 prosent. Det betyr at 59,5 prosent er ferdige innanfor normert tid. Medan vi i 2011 låg under landsgjennomsnittet, er Møre og Romsdal no godt over. Gjennomføringa innafor normert tid i landet som heile var 57,6 i 2013.

Gjennomføringsgraden blir målt som elevar og lærlingar som har bestått vidaregåande opplæring innan fem år. Møre og Romsdal har dei seinaste åra hatt ein av dei høgaste gjennomføringsgradene i landet. Gjennomføringsgraden har auka både i Møre og Romsdal og i landet som heile det siste året. I Møre og Romsdal auka talet frå 71,5 prosent til 73,5 prosent, medan landssnittet auka med 1,4 prosentpoeng på same tid. Det har vore eit sterkt fokus på å auke gjennomføringa i vidaregåande opplæring dei seinaste åra, så dette er gledelege tal.

I den vidaregåande skulen i fylket er 21,4 prosent av lærarane i 2013 over 60 år. Dette er ein liten nedgang frå 2012. Då var det tilsvarande talet 22 prosent. Landsgjennomsnittet har ein liten auke, frå 18,4 til 18,7 prosent, så Møre og Romsdal ligg fortsatt godt over talet for landet som heile.

Fleire søker studiespesialisering

Samla sett var det fleire som søkte seg til yrkesfaglege enn til studiespesialiserande studieretningar i Møre og Romsdal i 2014, men forskjellen blir stadig mindre. Fortset denne trenden, kan det motsette snart vere eit faktum. Det er først og fremst jentene som står for auken i søkinga til dei studiespesialiserande studieretningane. Dei fleste yrkesfaga fekk i 2014 lågare søking. Mellom utdanningsprogramma er det studiespesialisering som er mest populært, slik det har vore i mange år. Andre populære utdanningsprogram er teknikk og industriell produksjon, helse- og oppvekstfag og elektrofag. Årets søkartal viser svakare søking til VG1 (førsteåret i vidaregåande opplæring) innan bygg- og anleggsteknikk, restaurant- og matfag og musikk, dans og drama. Søkinga til det sistnemnde utdanningsprogrammet er rekordlågt, etter ein nedgang på 28 prosent i søkinga. Alle dei tre utdanningsprogramma har redusert søking over tid.

Talet på faste lærekontraktar (lærlingar) viser ein auka frå 2012 til 2013 på 57. I 2012 var det 2 204, og dette hadde auka til 2 261 i 2013. Dette stadfester ein trend vi har sett dei siste åra. Totalt sett har Møre og Romsdal no eit rekordhøgt tal på faste lærekontraktar. Talet på lærekandidatar gjekk derimot ned frå 92 til 82 i same periode.

Delen elevar som gjekk andreåret (VG2) yrkesfaglege utdanningsprogram i 2012 og som var i lære i 2013, er på 42,3 prosent. Talet er særs stabilt, sidan også 2012-talet var 42,3 prosent, medan 2011 talet var 41,9 prosent. Desse resultata er godt over landsgjennomsnittet, som er på 37 prosent, og der det var marginal oppgang på 0,2 prosent frå året før. Delen av den same gruppa som ikkje er i utdanning i 2013 er i Møre og Romsdal på 23,6 prosent. Det er omtrent det same talet som det har vore dei siste åra. Dette er under landsgjennomsnittet, på 26, 9 prosent. Også på landsbasis har tala vore relativt stabile sidan 2011.

Fortsatt store kjønnsforskjellar i val av utdanningsprogram

Dei fleste jentene søker framleis utdanning som gir studiekompetanse, medan majoriteten av gutane søker yrkesfaglege utdanningsprogram. For søkarar med ungdomsrett på VG1 utgjer jentene 60 prosent av dei som søker studiespesialisering. Det er også sterk kjønnsdelt søking innanfor yrkesfaga. Gutane er i stort overtal på utdanningsprogram som teknikk og industriell produksjon, elektrofag og bygg og anlegg, medan jentene i større grad vel fag som design og handverk og helse- og oppvekstfag. Forskjellen er langt mindre innan fag som restaurant- og matfag og media og kommunikasjon. Av dei 93 som søkte restaurant- og matfag er det 53 jenter og 40 gutar.

Framleis er det eit fleirtall av menn som er lærarar i vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal, men forskjellen er mindre i 2013 enn i 2012 og 2011. I 2013 var det tilsett 740 menn og 707 kvinner. I landet som heile er situasjonen omvendt; totalt sett er det i Noreg fleire kvinner enn menn som arbeider i vidaregåande opplæring.

Talet på elevar og lærlingar med innvandrarbakgrunn aukar år for år; vi ser nesten ei dobling frå 2009 til 2013. Det totale talet på lærlingar og elevar med innvandrarbakgrunn var i 2013
1 074, medan det i 2009 var 592. Auken akselererte frå 2011.

Flest menn studerer ved fagskulane i Møre og Romsdal

Våren 2014 hadde fagskulane i Møre og Romsdal 420 studentar. Det var 3 meir enn på same tid i 2013. 262 studerte ved Fagskulen i Ålesund, 158 ved Fagskolen i Kristiansund. 371 av studentane var menn, 49 kvinner. Tala var nær identisk fordeling som i 2013. Grunnen til dette ligg truleg i fagtilboda ved skulane, som tradisjonelt er mannsdominerte, til dømes maskinteknikk, bygg og anlegg, elektro og maritime fag.

Del elevar med direkte overgang frå grunnskole til vidaregåande opplæring

Last ned

Del elevar og lærlingar som har bestått vidare-gåande oppløring i løpet av normert tid

Last ned

Del elever som har fått oppfylt førsteønske til utdanningsprogram, 2011-2013

Last ned

Del lærarar 60 år og eldre, 2011-2013

Last ned

Del elevar og lærlingar som har bestått vidare-gåande opplæring i løpet av fem år

Last ned

Søkarar VG1 etter førsteønske fordelt på studieretning, Møre og Romsdal 2011-2014

Last ned

Elevar og lærlingar i vidaregåande opplæring etter studieretning, Møre og Romsdal, 2012-2013

Last ned

Del elevar vg2 yrkesfaglige utdprog i fjor, ikkje i utdanning i år

Last ned

Del elevar vg2 yrkesfaglige utdprog i fjor, i lære i år

Last ned

Søkarar 2014 fordelt på studieprogram etter kjønn i Møre og Romsdal

Last ned

Kjønnsfordeling blant lærarar i vidaregåande skule, Møre og Romsdal, 2009-2013

Last ned

Elevar og lærlingar med innvandrarbakgrunn, Møre og Romsdal, 2009-2013

Last ned

Aktive studentar ved fagskulane i Møre og Romsdal

Last ned