Utdanningsnivået i befolkninga

Utdanningsnivået i befolkninga

Ein av fire har høgskule-/universitetsutdanning

29,7 prosent av Noregs befolkning over 16 år hadde høgare utdanning i 2013. Møre og Romsdal låg under landssnittet, med 24,3 prosent. Dette er på nivå med Nord-Trøndelag, Finnmark og Sogn og Fjordane, som alle ligg på rundt 24 prosent.

Sidan 2012 har delen av befolkninga med høgare utdanning i Møre og Romsdal auka med 0,6 prosentpoeng. Denne aukinga kjem for det meste av at delen av befolkninga med lengre høgare utdanning (fullført universitet- eller høgskuleutdanning på over fire år, samt forskarutdanning), har vorte større.

Kommunane i Møre og Romsdal som har høgskuletilbod er dei som har størst del innbyggjarar med høgare utdanning. Volda ligg stadig i tet, med 34,9 prosent, følgt av Molde og Ålesund med 33,5 og 30,7 prosent. Desse tre kommunane ligg over landssnittet. Bykommunen Kristiansund ligg framleis eit stykke etter byane Molde og Ålesund. Der er delen med høgare utdanning 24,0 prosent. Lågast del høgare utdanna har Nesset kommune, med 15,3 prosent. Deretter kjem Vanylven, Midsund, Smøla, Sandøy og Sande, som alle ligg rundt 16 prosent.

I 2012 var det aldersgruppa 25–29 år som hadde det høgaste utdanningsnivået i Møre og Romsdal. I 2013 hadde dette endra seg til å vere aldersgruppa 30–39 år. I denne aldersgruppa har 37,3 prosent høgskuleutdanning i 2013.

I 2003 var forskjellen mellom delen kvinner og menn med høgare utdanning relativt liten i Møre og Romsdal. På ti år har det vakse fram ein skilnad her, og i 2013 hadde 28,3 prosent av kvinnene over 16 år i fylket høgare utdanning, medan berre 20,5 prosent av mennene hadde det same. Det er framleis fleire menn enn kvinner i fylket som har lang universitet- eller høgskuleutdanning, men til gjengjeld er det fleire kvinner enn menn som har universitet- eller høgskuleutdanning på inntil fire år.

Personar 16 år og over, etter utdanningsnivå i Møre og Romsdal, 2013

Last ned