Høgskolar
Over 7000 registrerte studentar ved høgskulane i Møre og Romsdal
Frå 2012 til 2013 auka talet på registrerte studentar i fylket med 1,2 prosent. Ser vi nærare på tala for dei spesifikke høgskulane, kan vi sjå ein svak nedgang i studenttalet ved høgskulane i Molde og Volda, medan høgskulen i Ålesund opplevde ei auking i 2013.
Totalt fekk høgskulane i fylket 50 fleire søkarar i 2014 enn året før. Høgskulane i Ålesund og Volda hadde ein auke i søkartal på 3,4 og 6,3 prosent, medan Høgskolen i Molde opplevde nedgang i søkartala på 6,6 prosent i same tidsperiode.
I 2014 søkte 56 prosent av studentane frå Møre og Romsdal seg til ein høgskule i eige fylke. Sør-Trøndelag er dernest det mest populære studiefylket for våre studentar. 43 prosent søkte seg dit i 2014. Det er nedgang i talet søkarar frå Møre og Romsdal til fylke med universitet, og størst er nedgangen for Hordaland.
Fleire tilsette ved høgskulane i fylket
I 2013 har talet tilsette ved høgskulane i fylket auka med 13. Størst var veksten ved Høgskulen i Volda, med 11 nye medarbeidarar, eller 3,8 prosent. Arbeidsstokken ved Høgskolen i Ålesund auka med 7 tilsette, medan Høgskolen i Molde hadde ein nedgang i talet tilsette på 2,8 prosent.
Eit mål på vitskapeleg produksjon hos høgskular og universitet er talet publikasjonspoeng. Totalt sett har publikasjonspoenga til høgskulane i Møre og Romsdal gått ned frå 2011. I 2013 hadde høgskulane i fylket til saman 148 publikasjonspoeng. Det var ein nedgang på 24 prosent frå 2012. Den største nedgangen i publikasjonspoeng finn vi ved Høgskolen i Molde, med 37 prosent, medan Høgskulen i Volda hadde ein nedgang på 24 prosent. For Høgskolen i Ålesund har talet publikasjonspoeng halde seg stabilt frå 2012 til 2013. Det er framleis Høgskulen i Volda som har høgast grad av vitskapeleg produksjon i fylket.