Grunnskular
8,9 prosent av grunnskuleelevane fekk spesialundervisning
Av i alt 32 713 elevar i grunnskulen i Møre og Romsdal i 2013 fekk 8,9 prosent spesialundervisning. Det er ein nedgang frå 2012, då delen som fekk spesialundervisning var 9,3 prosent. Ser ein på forskjellane mellom barne- og ungdomsskuleelevar, kjem det fram at delen som får spesialundervisning aukar med alderen. 8 prosent av elevane på barneskulen hadde spesialundervisning i 2013, medan nærare 11 prosent av elevane på ungdomsskulen hadde det same. Likevel ser ein at dette er ein nedgang frå 2012. Delen grunnskuleelevar i Møre og Romsdal som fekk spesialundervisning i 2013 er høgare enn landsgjennomsnittet. På landsbasis var det 8,3 av grunnskuleelevane som fekk spesialundervisning i fjor.
Framleis flest som vel nynorsk
Møre og Romsdal er eit nynorskfylke. Det kjem også fram når vi ser på målforma hos grunnskuleelevane. 51,4 prosent av grunnskuleelevane i fylket har nynorsk som målform. Til samanlikning har berre 12,5 prosent av grunnskuleelevane på landsbasis nynorsk. Desse tala har halde seg stabile frå 2012, men ser vi ti år bakover er det ein klar reduksjon i talet nynorskelevar. I 2003 utgjorde desse 55,1 prosent i Møre og Romsdal og 14,5 prosent i Noreg.
Fleire eldre lærarar
15,7 prosent av lærarane i grunnskulen i Møre og Romsdal var over 60 år i 2013. Dette talet har auka dei siste åra og tilbake i 2010 var delen lærarar over 60 år 13,8 prosent. På landsbasis er denne delen lågare. I 2013 var 12,1 prosent av grunnskulelærarane over 60 år, men også her har det skjedd ein auka dei siste åra.
I 2013 var delen mannlege grunnskulelærarar i fylket 25,1 prosent. Denne skeive kjønnsfordelinga har vi sett lenge, men det skjer inga utjamning. Delen mannlege lærarar i grunnskulen har gått ned med 1,5 prosentpoeng frå 2010 til 2013.