Barnehagar

Barnehagar

Betre barnehagedekning enn landsgjennomsnittet

Barnehagedekninga i Møre og Romsdal har halde seg stabil i 2013, men med 92,6 prosent ligg fylket framleis høgare enn landsgjennomsnittet på barnehagedekning for barn mellom 1 og 5 år (90,0 prosent). Innetter i fylket finn vi derimot 16 kommunar under landssnittet for barnehagedekning. Den beste dekningsgraden har Volda kommune, med 100,4 prosent. Dårlegast barnehagedekning finn vi i Sande kommune med 76,6 prosent og Eide kommune med 80,5 prosent.

Frå 2011 til 2012 auka talet på barn som går i barnehage i Møre og Romsdal med 313, denne kraftige auken vart ikkje ført vidare i 2013. Dette året vart det berre 24 fleire barn i barnehage. Ser vi på tala frå 2009, har talet barn i barnehagar auka med 740 på fem år.

Reduksjonen i talet på barnehagar heldt fram i 2013. Dette året vart det fire færre barnehagar i fylket enn året før. Nedgangen gjeld for private barnehagar, medan talet på offentlege barnehagar har halde seg stabilt. Frå 2009 har fylket hatt ein nedgang på 17 barnehagar totalt. I bykommunane har talet barnehagar i 2013 gått ned i Molde, halde seg stabilt i Ålesund, og i Kristiansund har det blitt ein ekstra barnehage same året.

Barnehagane sysselset stadig fleire, trass i at det har vorte færre barnehagar. Av dei 4 726 tilsette i barnehagane i fylket i 2013, hadde 30,2 prosent førskulelærarutdanning. Det var ein oppgang i delen tilsette med førskulelærarutdanning i barnehagane i fylket dei siste åra, men Møre og Romsdal ligg framleis under landssnittet. Berre 6 kommunar i fylket ligger over landssnittet for tilsette med førskulelærarutdanning: Volda, Ørsta, Ørskog, Sunndal, Surnadal og Rindal. Av desse ligg Sunndal på topp – her har 52,1 prosent av dei tilsette førskulelærarutdanning. I Gjemnes kommune er derimot berre 14,9 prosent av dei tilsette førskulelærarar.

Tal barnehagar og tal barn med plass, og tal tilsette i barnehagar etter kommune, fylke og landet 2013

Last ned