Nær 70 prosent bur i tettbygd strok
I 2013 budde 69,2 prosent av Møre og Romsdal sine innbyggjarar i ein tettstad. Talet for resten av landet er 79,3 prosent. Ein tettstad har SSB definert som ei samling hus der det bur minst 200 personar og avstanden mellom husa ikkje er lengre enn 50 meter.
Den kommunen som har den høgaste folketettleiken i sine tettstadsområde, er Kristiansund. Her budde det i 2013 2 084 innbyggjarar pr. km². 89,6 prosent av innbyggjarane i kommunen bur i tettbygde strok.
Ålesund kommune er ein kompakt by, der 94,6 prosent av innbyggjarane bur i det som er definert som eit tettstadområde. Byen har også den nest høgaste folketettleiken i fylket. Nabokommunen Sula er deretter den kommunen i Møre og Romsdal som har størst del av innbyggjarar busett i tettbygde strok. Her er denne delen 90,6 prosent, men folketettleiken er nær den halve av Ålesund sin.
20 av fylket sine 36 kommunar hadde i 2013 meir enn halvparten av sine innbyggjarar busette i tettstader. I kommunane Smøla, Halsa og Norddal er det ingen tettstad, slik dette er definert av SSB.
Molde er den minst tettbygde av byane i fylket, men også her budde 86,4 prosent av befolkninga i ein tettstad. Det er berre i dei tre byane vi finn ein tettleik på over 2 000 innbyggjarar pr. km². Resten av kommunane har ein tettleik i sine tettstader på mellom 633 (Vanylven) og 1 698 (Volda) innbyggjarar pr. km².
Vi kan ikkje seie noko sikkert om utviklinga i tettstadene i år. Dette skuldast at SSB frå 1. januar 2013 har tatt i bruk ein ny metode for avgrensing av tettstader. Om nokon samanliknar tala i år med dei frå 2012, kan nokon av endringane derfor skuldast ny metode.