Færre barn og unge har hol i tennene

Færre barn og unge har hol i tennene

Fylkeskommunen har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta, som skal gje eit regelmessig og oppsøkande tilbod til m.a. barn og ungdom i aldersgruppa 0-18 år. Tannhelsedata for indikatorårskulla 5-, 12-, og 18-åringane i fylket er blitt registrert frå 1984. Frå 2012 inngår også 3-åringane som eit indikatorårskull.

Tabellen til høgre synleggjer tannhelsetilstanden for alle fire indikatorårskulla i kvar kommune i fylket (inndelt etter administrative tannhelsedistrikt), og gir eit interessant datagrunnlag for folkehelsearbeidet i kommunane. Oversikten viser kor stor prosentdel av barn og unge som er utan karieserfaring (ikkje har hatt hol i tennene). Det er relativt store kommunevise variasjonar. For dei minste kommunane er årskulla små og variasjonane frå eitt år til det neste kan vere store.

Delen barn og unge med karieserfaring i Møre og Romsdal er om lag som i landet elles. Utviklingstrenden den siste tiårsperioden er jamt positiv. 85 prosent av 5-åringane i fylket er utan karieserfaring i 2013. Dette er noko betre enn landsgjennomsnittet. For 18-åringane er skilnaden større. I 2013 er 17 prosent av 18-åringane i fylket utan karieserfaring, mot 20 prosent nasjonalt. Samstundes har denne gruppa hatt ei positiv utvikling i fylket dei siste åra, med ein auke frå 12 prosent utan karieserfaring i 2009 til 17 prosent i 2013.

Sett under eitt er det ikkje store skilnader mellom Møre og Romsdal og landsgjennomsnittet. Undersøkingar viser at småbarn med innvandrarbakgrunn har dårlegare tannhelse enn den etniske majoritetsgruppa. Møre og Romsdal har stor arbeidsinnvandring, og mange barn har stor kariesaktivitet når dei kjem til fylket. Tannhelsetenesta jobbar målretta for å fange opp  denne målgruppa tidleg med råd og rettleiing.

Oversikt over del personar utan karies i enkelte årskull - tannhelsedistrikt og kommunenivå. 2013

Last ned

Del 5-åringar utan karies, Møre og Romsdal og landet

Last ned

Del 12-åringar utan karies, Møre og Romsdal og landet

Last ned

Del 18-åringar utan karies, Møre og Romsdal og landet

Last ned