Positiv utvikling for reiselivet i 2014
I perioden januar – juli 2014 har Møre og Romsdal hatt totalt 913 980 overnattingar som representerer ein auke på 6,7 prosent samanlikna med same periode i 2013. Internasjonale gjestedøgn har denne perioden auka med 10,8 prosent og norske gjestedøgn har ein auke på 4,9 prosent. Fjord Norge har i same periode hatt ein auke på 0,4 prosent, medan landet totalt sett har hatt ein auke på 2,3 prosent i denne perioden.
Den enkeltmarknaden som har hatt størst vekst i denne perioden er USA. Dette kan mellom anna skuldast Disney sin siste animasjonsfilm Frozen som delvis har hatt Møre og Romsdal og resten av Vestlandet som kulissar i filmen.
2013 var derimot eit dårlegare år for reiselivsnæringa. I fjor var det totalt sett om lag 29,3 millionar overnattingar ved norske hotell, campingplassar, hyttegrender og vandreheimar. Møre og Romsdal hadde totalt 1 388 229 overnattingar. Dette er ein nedgang frå 2012 på 6,5 prosent. Til samanlikning kan det nemnast at Fjord Norge hadde ein nedgang på 3,6 prosent og heile landet ein nedgang på 2 prosent. For Møre og Romsdal representerer internasjonale gjestedøgn den største nedgangen med 12,8 prosent samanlikna med 2012. Nordmenn hadde ein nedgang på 3,5 prosent.
Det er verdt å merke seg at SSB har gjort store endringar i overnattingsstatistikken. Samanlikningar mellom 2012 og 2013 bør derfor gjerast med forsiktigheit.
Nordmenn er det desidert viktigaste kundesegmentet for Møre og Romsdal og representerte i 2013 heile 69,5 prosent av det totale talet på overnattingar. Tyskland er den største internasjonale marknaden etterfølgt av Sverige, Nederland, Storbritannia, Frankrike og Danmark. Polen representerer også ein viktig marknad, men ein stor del av denne trafikken skuldast arbeidsinnvandring.