Næringsstruktur

Næringsstruktur

Fortsatt vekst i sysselsettinga

I Møre og Romsdal gjekk talet på sysselsette opp med 0,6 prosent, eller 813 personar, i 2013. Denne veksten er lågare enn året før og lågare enn veksten på landsbasis. For landet samla sett auka talet på sysselsette med 1,2 prosent. Fylka med flest sysselsette (Oslo, Akershus, Hordaland og Rogaland) samt Troms, hadde størst auke. Telemark hadde ein liten nedgang i tal sysselsette i 2013.

Dei siste 5 åra auka talet sysselsette i Møre og Romsdal med 3 prosent. Dette er noko mindre enn auken for landet totalt, som var på 3,7 prosent. Størst auke dei siste 5 åra var det i Rogaland (8,6 prosent) og i Akershus (6,4 prosent).

Halvparten av kommunane i fylket hadde vekst i talet på sysselsette i 2013 frå året før, og størst auke var det i Ørskog. Her auka talet på sysselsette med 14,5 prosent. Alle dei tre bykommunane i fylket hadde vekst i 2013 samanlikna med året før. Både i Ålesund og Kristiansund var veksten på 1,4 prosent, altså større enn snittet for landet. I Molde auka talet på sysselsette med 0,4 prosent.  

Nær 7 av 10 (69 prosent) sysselsette personar i Møre og Romsdal arbeidde i 2013 innanfor tenesteytande næringar . På landsbasis var det tilsvarande talet 77 prosent. I Møre og Romsdal gjekk sysselsettinga i denne næringa opp med 0,7 prosent i 2013. I Noreg var veksten på 1 prosent.

Sekundærnæringane  sysselset meir enn 1 av 4 sysselsette (27 prosent) i Møre og Romsdal, ein klart høgare del enn landet totalt (20 prosent). I desse næringane i fylket var talet på sysselsette 1,6 prosent høgare i 2013 enn i 2012. Dette er ein lågare vekst enn snittet for landet, som i same periode  var på 2,4 prosent. 

Helse- og sosialtenester og industri dominerer

Klart flest sysselsette i Møre og Romsdal arbeider innanfor helse- og sosialtenester; i 2013 var 21 prosent av sysselsette å finne i denne sektoren. Industrien er den nest største næringa i fylket, med ei sysselsetting på 17 prosent. Den tredje største næringa er varehandel, med 13 prosent. Dette er også dei største næringane i Noreg, men med ei noko anna rekkjefølgje: helse- og sosialtenester, varehandel og til slutt industri.

Sysselsettinga i dei to største næringane i fylket, helse- og sosialtenester og industri, har auka frå 2012 til 2013. I varehandelen har sysselsettinga derimot gått litt tilbake. Om ein ser på utviklinga dei siste 5 åra, har det vore nedgang i både industrien og varehandelen, medan helse- og sosialtenester har auka med 6,2 prosent.

I 26 kommunar i fylket er helse- og sosialtenester den største næringa i 2013, og i dei resterande 10 kommunane dominerer industrien. Dei største industrikommunane er Haram, Ulstein, Sykkylven og Sande. I desse kommunane arbeider over 40 prosent av dei sysselsette innanfor industrien.

Nokre kommunar i fylket skil seg ut med høgare sysselsetting innanfor enkelte næringar. Volda er den kommunen med størst del sysselsetting innanfor undervisning. Smøla skil seg ut med ein høg del sysselsette innanfor jordbruk, skogbruk og fiske. Skodje og Ørskog har høg sysselsetting innanfor transport og lagring.

Sysselsettinga i Ålesund, Molde og Kristiansund ber preg av at kommunane har andre typar arbeidsplassar enn kva mange av dei andre kommunane i fylket har. Byane har ein høgare del sysselsetting i sørvisnæringane. I Ålesund og Kristiansund arbeider over 40 prosent av dei sysselsette innanfor desse næringane, og i Molde er delen 36 prosent. I 2013 er 34 prosent av alle sysselsette i fylket å finne innan sørvisnæringane.

Sysselsette 15-74 år, etter arbeidsstadsfylke. Person og prosent

Last ned

Arbeidsplassveksten i fastlandsnoreg 2013

Last ned

Prosentvis vekst i sysselsettinga 2009 - 2013

Last ned

Sysselsette personar i Møre og Romsdal, 4.kvartal 2009-2013

Last ned

Næringsstruktur, Møre og Romsdal og landet 2013 i prosent

Last ned

Sysselsette etter arbeidsstad og næring per 4. kvartal 2013, absolutte tal

Last ned

Sysselsette etter arbeidsstad og næring per 4. kvartal 2013, i prosent

Last ned