Møre og Romsdal største sjømatfylket
Noreg eksporterte i 2013 sjømat for 61 milliardar kroner. Dette er 17 prosent meir enn året før og heile 13 prosent høgare enn den tidlegare rekorden (frå 2010) på 53,8 mrd. Eksporten inkluderer både villfisk og oppdrettsfisk. Etterspurnaden etter norsk laks er hovudårsaka til eksportrekorden, som førte til høge lakseprisar i 2013. Eksporten av laks hadde ein verdi på 39,8 milliardar kroner i 2013. Dette er den høgaste lakseeksporten nokosinne, og 35 prosent meir enn i 2012.
Møre og Romsdal stod i 2013 for om lag 23 prosent av fiskeeksporten frå Noreg. Møre og Romsdal eksporterte sjømat for 13,8 milliardar kroner, i alt om lag 508 000 tonn. Dette er ein nedgang både i verdi og mengde i høve til 2012; då var fiskeeksporten frå fylket på 14,3 milliardar kroner og 585 787 tonn. Noko av forklaringa kan vere at fleire bedrifter i fjor flytta salsavdelingane sine til Bergen.
I 2013 hadde villfisk jamt over dårlege prisar, m.a. grunna store kvoter, og oppdrett hadde gode prisar. Innan oppdrett gikk salstala i Møre og Romsdal opp i fjor, og fylket var det 4. største oppdrettsfylket i Noreg, med ein verdi på 4,5 milliardar kroner. Dette er ein auke på 53 prosent frå året før. Målt i mengde er Møre og Romsdal det 3. største oppdrettsfylket, med ein produksjon på 142 592 tonn. Dette er opp 8,2 prosent samanlikna med fjoråret.
Ved inngangen til 2014 var det 107 havbrukslokalitetar i Møre og Romsdal. Nordland hadde flest, med 269, og Hordaland nest flest, med 237 havbrukslokalitetar.
Møre og Romsdal er det største sjømatfylket, med ein fangstverdi på villfisk på nesten 3,3 milliardar kroner og 498 263 tonn. Fangstane er størst innan fiske etter torsk og pelagisk fisk. Møre og Romsdal har ein stor havgåande fiskeflåte, og denne flåten står også for den høgaste verdien og kvantumet som blir fiska.