Møre og Romsdal – eit viktig olje- og gassfylke
I Noreg er det totalt fem ilandsføringsanlegg for olje og gass. To av desse ligg i Møre og Romsdal; Tjeldbergodden og Nyhamna. I tillegg har vi baseverksemd, driftsorganisasjonar, engineering og tekniske tenester, logistikktenester i Kristiansund, kran- og løftekompetansen i Molde, samt at store delar av den maritime klynga på Sunnmøre er knytt til petroleumsverksemda. Dette gjer Møre og Romsdal til eit viktig olje- og gassfylke i nasjonal og regional målestokk.
Tjeldbergodden er det einaste anlegget som vidareforedlar naturgass i Noreg. Dei har ei årleg omsetning på vel to milliardar kroner. Metanol er deira største eksportvare og dei har kapasitet på 900.000 tonn i året.
Nyhamna handterer og eksporterer naturgass og kondensat frå gassfeltet Ormen Lange, Noregs nest største gassfelt. Frå Nyhamna vart det i 2013 eksportert 21,45 milliardar Sm3* naturgass og 1,52 millionar Sm3 kondensat. Andre større felt knytt til Møre og Romsdal er Njord, Draugen, Åsgard, Kristin og Heidrun. Her vart det i 2013 produsert til saman 9,17 millionar Sm3 olje, og 12,04 milliardar Sm3 gass.
I 2011 hadde Møre og Romsdal 359 andre olje- og gassrelaterte verksemder, med ei samla omsetning på 47,1 milliardar kroner. Dette utgjer heile 72 prosent av den samla omsetninga i Midt-Noreg. Driftsresultatet har gått ned i perioden 2009-2011, noko ein også ser elles i landet.
Talet på sysselsette i petroleumsrelatert næring i Møre og Romsdal har samla sett auka med tre prosent frå 2008-2012, og utgjorde 21 200 sysselsette i 2012. Spesielt ser vi ein auke innanfor drifta på Nyhamna og innan anna petroleumsrelatert verksemd i Romsdal og på Sunnmøre. Det har vore ei positiv utvikling i vårt fylke, medan talet på tilsette har gått ned på landsbasis i same tidsrom.