Møbelnæringa under press

Møbelnæringa under press

Møre og Romsdal er eit tyngdepunkt for norsk møbelindustri. Sysselsettinga i møbelbransjen i fylket utgjer om lag 40 prosent av totalsysselsettinga i bransjen på landsbasis. Fylket sin dominans innan sysselsetting i møbelbransjen har halde seg stabil dei siste 20 åra. Ekornes, Stokke og Wonderland er av dei store lokomotiva i næringa i fylket, og i landet som heile.

I 2013 sysselsette møbelnæringa 2 212 personar i Møre og Romsdal. Det er ein nedgang på 112 sysselsette frå 2012. Sysselsettingstala for både fylket og Noreg viser ein klar nedgang frå 2007, som var eit toppår for møbelnæringa. Sidan då har det blitt om lag 300 færre sysselsette i møbelnæringa i Møre og Romsdal og om lag 2 900 færre på landsbasis.

Den norske delen av møbelmarknaden i Noreg har gått jamt nedover frå 1998. Då utgjorde dei norske møblane 64 prosent av totalmarknaden. I 2012 var den norske delen nær halvert og utgjorde 34 prosent av møbelmarknaden i landet.

Frå 2007 til 2012 vart møbeleksporten frå Noreg redusert med 800 millionar kroner, medan møbelimporten i same tidsrom auka med 1,2 milliardar kroner.

Møbelnæringa er under press, og sjølv om nokre bedrifter går veldig godt, er det fleire som slit med lønnsemda. Konkurransen frå lågkostland er sterk og det har vore ein utfordrande marknadssituasjon under og i etterkant av finanskrisa. Ein del bedrifter har gått konkurs, medan mange andre har flytta meir av produksjonen til utlandet.

Næringa tek grep

Møbelnæringa har sett behovet for eit strategisk tettare samarbeid, ikkje minst for å løfte seg på område der ein har felles interesser og utfordringar. I 2013 vart møbel- og interiørklynga Norwegian Rooms etablert. Dei viktigaste bedriftene innan møbel og interiør er representert, og hovudsetet for klyngesatsinga er i Møre og Romsdal. I 2014 er det også etablert eitt nytt inspirasjons- og kompetansesenter for møbel, i Sykkylven.

Utvikling i møbelnæringa

Last ned

Sysselsettingsutviklinga i møbelnæringa i Møre og Romsdal 1993-2013

Last ned