Landbruk
Bøndene leiger i snitt halvparten av arealet
Eigedomsstrukturen har vore stort sett stabil, og når bruka blir større og større, betyr det at bonden må leige jorda. Delen leigejord har auka jamt dei siste åra, og er høgast i kommunar med tradisjonelt små eigedommar. I somme kommunar leiger bøndene over 70 prosent av jorda dei brukar. Den store leigejordsprosenten gir bøndene lite føreseielege rammevilkår for framtida.
Bioforsk har rekna på konsekvensane av større bruk og at leige-jorda ikkje alltid ligg nær driftssenteret. Eit vanleg mjølke-produksjonsbruk på våre kantar, med normalt utstyr, fraktar kvart år gjødsel som svarer til ei strekning frå Nordvestlandet nesten til Middelhavet. Transport av fôr blir omtrent det same.
Framleis stor hogst av gran
Avverkinga i fylket aukar framleis, sjølv om 2012 var eit ekstra-ordinært år i høve til opprydding etter stormen Dagmar. Gran-hogsten er tredobla på fem år. Dette skuldast fleire forhold: Delar av granskogen i fylket byrjar å bli hogstmoden, fleire tømmer-kjøparar har Møre og Romsdal som fast arbeidsstad, auka lokal entreprenørkapasitet, samt framleis innleige av kapasitet utanfor fylket. Det har også vore auka fokus på utvikling av tømmerkaier og auka bruk av eksisterande kaier, samt god avsetnad på granvirke.
Ut frå planteaktiviteten etter krigen og forholda over, vil avverk-inga auke også i åra som kjem. Bortimot alt granvirke vert selt ut av fylket sidan vi ikkje har lokal vidareforedling.
Rauma hadde høgast avverking i 2013. Det blei hogd nesten like mykje i Ørsta kommune. Den høge avverkinga i sunnmørskommunane i 2013 skuldast opprydding etter stormen Dagmar. Nordmøre og Romsdal blei ikkje tilsvarande råka av stormen og har meir stabilt hogstnivå.
Ein ventar generell auke i hogsten i åra framover i dei fleste kommunane, men den relative auken vil nok bli størst på Sunnmøre.
Færre unge bønder
Tjue prosent av bøndene i fylket er over 62 år. Gjennomsnittsalderen er 52 år – og den stig med eitt år pr. femte kalenderår. For å nå målsettinga om 20 prosent auka landbruksproduksjon den neste 20-årsperioden, er det avgjerande å ha sterkt fokus på rekruttering.
Avgangen frå landbruket skjer særleg i samband med generasjonsskifte. Ein stor del av dei beste gardsbruka vi har investerte sterkt på sytti- og åttitalet. Brukarane nærmar seg no slutten av yrkeslivet, og det ligg an til mange eigarskifte i løpet av dei næraste 5 – 10 åra.
Dei som startar å drive gard er gjerne godt vaksne. Tal frå fylkesmannen viser at dei som overtek er i snitt tett opp mot 40 år gamle. Talet på brukarar i aldersgruppa under 40 år går ned, medan talet på brukarar i gruppa 60 år og over aukar.
Behov for fleire skogsvegar
Det er eit stort behov for skogsvegar og det er stor etterspurnad etter tilskotsmidlar i Møre og Romsdal. I 2013 vart det ferdigstilt om lag 23 km med skogsvegar i fylket . Av skogsbilvegane er om lag 6,7 km nye anlegg, medan om lag 11 km er ombygging av eldre vegar til bilvegklasse. I 2012 vart det ferdigstilt berre 13 km nye skogsbilvegar.
Grovfôrproduksjon dominerer
I Møre og Romsdal er det 655 100 dekar med jordbruksareal. Dette svarar til eit areal på om lag 91 700 fotballbaner og utgjer 4,5 prosent av fylkets landareal.
Jordbruksareala i Møre og Romsdal er fragmenterte, med mange små eigedommar. Grovfôr er den dominerande produksjonen. Heile 80,0 prosent av jordbruksarealet i drift blir brukt til grovfôrproduksjon. Deretter er innmarksbeite det som tek mest areal, dette utgjer 13,3 prosent. Korndyrking opptek 3,0 prosent av jordbruksarealet i fylket.