Industrien framleis stor i Møre og Romsdal
I 2013 var det 21 538 arbeidsplassar innanfor industrien i vårt fylke, og desse utgjorde 16,5 prosent av alle arbeidsplassane. Med det er Møre og Romsdal framleis på topp av fylka når det kjem til den delen industriarbeidsplassane utgjer av arbeidsmarknaden totalt.
Etter Møre og Romsdal følgjer Vest-Agder, der industrien no står for 14,6 prosent av arbeidsplassane. Deretter følgjer Buskerud, med ein del på 13,4 prosent. I Oslo utgjer industriarbeidsplassane berre 3,5 prosent av alle arbeidsplassar. Landsgjennomsnittet er 8,8 prosent.
Både i fylket og nasjonalt har talet på industriarbeidsplassar vore stabilt frå 2012 til 2013. På landsbasis vart det dette året 1 750 fleire arbeidsplassar innan industrien, og i Møre og Romsdal fekk vi 210 fleire industriarbeidsplassar. Vest-Agder hadde den største prosentvise veksten i delen industriarbeidsplassar frå 2012 til 2013, medan det er i Rogaland det har vorte flest nye arbeidsplassar innan industrien. Dei styrker med det stillinga som Norges største industrifylke.
Kor stor del industriarbeidsplassane utgjer varierer veldig mellom kommunane i Møre og Romsdal. I Haram står industrien for 46, 9 prosent av arbeidsplassane. Også i kommunane Ulstein, Sykkylven og Sande utgjer industriarbeidsplassane over 40 prosent. Vi finn også kommunar i fylket der industrien dekker under 5 prosent av arbeidsmarknaden. Det er situasjonen i Norddal, Ørskog og Vanylven.
Ser vi på talet industriarbeidsplassar, er det Ulstein med sine 2 357 arbeidsplassar som har flest i fylket. Deretter følgjer Ålesund med 2 302, Haram med 2 065 og Molde med 2 023 industriarbeidsplassar.
Industrien i Møre og Romsdal sysselset langt fleire menn enn kvinner. I 2013 var det 16 456 menn og 5 082 kvinner som hadde arbeidsplass i industrien i fylket. Kvinnedelen var med det 24 prosent. Det er same del som i 2012.