Høg sysselsetting blant innvandrarane i Møre og Romsdal
I 2013 var det sysselsett 15 015 innvandrarar i Møre og Romsdal. Dette er 1 153 personar fleire enn i 2012. Det var størst auke i tal sysselsette blant innvandrarar frå EU/EFTA-landa, Nord-Amerika, Australia og New Zealand. Innvandrarar derifrå utgjorde 896 personar av auken frå 2012. 69 prosent av alle sysselsette innvandrarar i Møre og Romsdal i 2013 kom fra desse landa kom frå desse landa (gruppe 1). Sysselsettinga blant denne gruppa er prosentvis høgare enn sysselsettinga i heile befolkninga.
Sjølv om talet på sysselsette innvandrarar auka, gjekk sysselsettingsprosenten for innvandrargruppene totalt ned, frå 68,9 prosent i 2012 til 68,6 i 2013. Nedgangen kan forklarast med at talet på busette innvandrarar auka noko meir enn talet på sysselsette innvandrarar. For heile befolkninga (15–74 år) låg delen sysselsette på 70,3 prosent. Skilnaden i sysselsettingsprosent for innvandrarar og heile befolkninga i Møre og Romsdal er berre 1,7 prosentpoeng i 2013. På nasjonalt nivå var skilnaden i sysselsettingsprosenten mellom sysselsette innvandrarar og heile befolkninga på 5,5 prosent i 2013.
Samanlikna med heile landet var del sysselsette innvandrarar høgare i Møre og Romsdal. I Møre og Romsdal var det 68,6 prosent sysselsette innvandrarar i 2013, mens det for landet som heile var 63,1 prosent. Samanlikna med dei andre fylka er det berre Rogaland som har ein større prosentdel sysselsette innvandrarar enn oss.
I 2013 var 73,5 prosent av mennene og 62,7 prosent av kvinnene i innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal sysselsette. Dette er ein skilnad på 10,8 prosentpoeng, denne skilnaden er lik året før. Ser ein på heile befolkninga i fylket, er denne skilnaden på 7 prosentpoeng.
Talet på sysselsette innvandrarar har auka i nesten alle kommunar i Møre og Romsdal i 2013, forutan ein liten nedgang i distriktskommunane Norddal, Stordal, Nesset og Smøla.