Flest små verksemder

Flest små verksemder

Ved inngangen til 2014 er det registrert i alt 26 514 verksemder i Møre og Romsdal. Dette utgjer fem prosent av alle verksemder i landet. Ein stor del av verksemdene i Noreg er lokalisert i Oslo og Akershus (25 prosent). 

Av alle verksemder i fylket er 15 545 verksemder utan tilsette og 5 628 har 1–4 tilsette. Dette betyr at 80 prosent av verksemdene i fylket har færre enn 5 tilsette. Berre 5 prosent av verksemdene har meir enn 20 tilsette. Dette er på nivå med tala på landsbasis, som viser at 82 prosent av verksemdene i Noreg har færre enn 5 tilsette og 5 prosent har meir enn 20 tilsette. Om lag 99 prosent av verksemdene i Møre og Romsdal og i landet sett under eitt har færre enn 100 tilsette.

Om lag ein tredjedel (34 prosent) av verksemdene i Møre og Romsdal har adresse i Molde, Ålesund eller Kristiansund. Av alle kommunane i fylket har Molde størst del verksemder med 50 tilsette eller fleire. I Molde gjeld dette 2,7 prosent av verksemdene. Eide og Tingvoll er dei einaste kommunane i fylket som ikkje har verksemder med minst 50 tilsette.

Det er 23 verksemder i fylket som har 250 eller fleire tilsette. Fem av desse er lokalisert i Molde, fire i Ulstein, fire i Herøy, tre i Ålesund og to i Haram. Kommunane Kristiansund, Sande, Volda, Sykkylven og Sunndal har alle ei verksemd kvar med 250 eller fleire tilsette.

I alt er det ved inngangen til 2014 98 verksemder med mellom 100 og 249 tilsette i fylket. Av desse er 51, eller meir enn halvparten, lokalisert i Ålesund, Molde eller Kristiansund. Herøy har seks verksemder av denne storleiken, og kommunane Ulstein, Volda, Ørsta, Sykkylven, Haram og Fræna har tre slike verksemder kvar. I tillegg har fleire av dei mindre kommunane i fylket 1–2 slike verksemder.

Verksemder etter størrelse ved inngangen til 2014. Etter kommune, fylket og landet

Last ned