Flest menn sysselsette på korttidsopphald

Flest menn sysselsette på korttidsopphald

Per 4. kvartal i 2013 var det 4 715 sysselsette på korttidsopphald i Møre og Romsdal. Det var ein auke på nærare 1 000 personar, eller over 26 prosent, samanlikna med same tid i 2012. Denne gruppa utgjorde i 2013 3,5 prosent av alle sysselsette i Møre og Romsdal. Dette var ein auke frå 2012, då delen sysselsette på korttidsopphald utgjorde 2,8 prosent av totalen. Delen sysselsette på korttidsopphald har auka jamt sidan 2010, og i 2013 var det 1 082, eller 29,8 prosent, fleire sysselsette på korttidsopphald i fylket enn i 2009.

Fleirtalet av dei sysselsette på korttidsopphald i Møre og Romsdal i 2013 kom frå EU-land i Aust-Europa. Dei utgjorde 3 575 personar, eller 75,8 prosent av dei sysselsette på korttidsopphald. Den nest største gruppa kom frå land i Norden, og utgjorde 13 prosent. Delen sysselsette på korttidsopphald frå EU-land i Aust-Europa auka med over 29 prosent frå 2012 til 2013, medan delen frå land i Norden heldt seg relativt stabil, med ein beskjeden auke på 0,3 prosent.

Viss ein samanliknar fylka i landet, har Oslo klart flest sysselsette på korttidsopphald, med nær 18 000 personar. Akershus og Rogaland har også ein stor del sysselsette på korttidsopphald, med høvesvis 10 120 og 9 817 personar. Møre og Romsdal ligg sjette høgast i rangeringa av fylka, med
4 715 personar – same plass som i 2012. Færrast sysselsette på korttidsopphald finn vi i Aust-Agder (837 personar), Nord-Trøndelag (1 148 personar), Troms (1 250 personar) og Finnmark (1 282 personar). 

Det er flest menn som kjem til Møre og Romsdal for å arbeide over kortare tid. Slik har det også vore dei siste åra. I 2013 var 4 172 av 4 715 sysselsette på korttidsopphald menn. Kvinnene utgjorde berre 11,5 prosent. Dette er ein nedgang frå 2012, då delen kvinner låg på 13,7 prosent.

Sysselsette i Møre og Romsdal etter busettingsstatus per 4 kvartal 2009-20132

Last ned

Lønnstakarar ikkje registrert busette etter kjønn per 4. kvartal, Møre og Romsdal

Last ned

Lønnstakarar ikkje registrert busette etter landbakgrunn per 4. kvartal, Møre og Romsdal2

Last ned

Sysselsette på korttidsopphald 2013, fylkesvis

Last ned