Alternative energikjelder lite utnytta
Det blir produsert ca. 7,3 TWh elektrisk kraft i eit middelår i fylket vårt. Så godt som alt er frå fornybare kjelder. Vasskrafta utgjer heile 6,7 TWh, medan vindkraft bidrar med 0,37 TWh og varmekraft med 0,19 TWh.
Forbruket er likevel langt høgare; heile 11,2 TWh vart brukt i 2013. Dermed er vi avhengig av import av elektrisitet frå andre delar av landet der dei har overskot. Over halvparten av bruken i Møre og Romsdal går til kraftkrevjande industri, der Hydro Sunndal er den klart største brukaren (rundt 5 TWh).
Kraftproduksjonen i fylket auka kraftig frå 1950-talet og utover til rundt 1980. Deretter flata veksten ut, men frå rundt 2004 og utover har det igjen vore noko meir vekst. Interessa for vasskraft er fortsatt stor i fylket. Pr. august 2014 ligg det 69 søknader om vasskraftutbygging i Møre og Romsdal til behandling hos NVE.
Møre og Romsdal har ubrukte ressursar som kan gi oss meir fornybar energi. Vindkraft utgjer no ein svært liten del av el-produksjonen i fylket, og det har ikkje skjedd vesentlege endringar dei siste åra. Årsaka ligg i låge energiprisar og høge kostnader.
Bioenergiressursane i fylket er lite utnytta, og det same gjeld solenergi og fjordvarme. Mellom anna er det mykje biologisk avfall i fylket som ikkje blir nytta til energi. Bioenergi er best eigna til varmeproduksjon, og blir ikkje støtta av grøne sertifikat, som berre går til elektrisitet. Fjordvarme og utnytting av bioenergi til varme, vil frigjere elektrisitet til næringsverksemd og transport. I 2008 gav fjernvarme og lokale varmesentralar i fylket berre 213 GWh, jf. Istad Nett.
Energiforbruket i transportsektoren er i hovudsak frå fossile energiberarar. Satsinga på el-bilar gir resultat, men utgjer enno ein svært liten del av totalen. Innslag av bioenergi og hydrogen er minimal i transportsektoren.