526 fleire verksemder i fylket sist år
Talet på verksemder i Møre og Romsdal auka i 2013 med 526, eller 2,0 prosent, samanlikna med året før. Dette er ein auke på omtrent same nivå som veksten på landsbasis, som var på 2,5 prosent. Det var størst vekst i verksemder utan tilsette; totalt vart det 418 fleire slike verksemder i fylket i 2013.
I perioden 2009-2014 auka talet på verksemder i Møre og Romsdal med 2 272, eller 9,4 prosent. Dette er ein lågare vekst enn utviklinga i landet sett under eitt, der veksten var på 12,7 prosent.
Møre og Romsdal hadde i 2014 flest verksemder innanfor næringsgruppene teknisk tenesteyting/ eigedomsdrift, jordbruk, skogbruk og fiske, varehandel og bygg- og anleggsverksemd. I dei tre bykommunane i fylket er det største talet verksemder innanfor teknisk tenesteyting/eigedomsdrift og varehandel. Når det gjeld industri, har Ålesund flest industriverksemder (209), medan Kristiansund og Molde har om lag like mange (høvesvis 102 og 100).
Om ein berre ser på verksemder med tilsette, var det totalt 10 969 slike verksemder i fylket. Fordelt etter næring var den største delen (21 prosent) verksemder med tilsette innan vare-handel. Dei neste to store næringane blant verksemder med tilsette, var helse- og sosialtenester og bygg- og anleggsverksemd, med høvesvis 13 prosent og 12 prosent av verksemdene.
Det er store skilnader på næringsfordeling av verksemdene etter storleik målt i tal tilsette. Om lag halvparten av dei største verksemdene (dei med 250 tilsette eller fleire) er industriverksemder. Dei resterande finn ein stort sett innanfor transport og lagring og helse- og sosialtenester. Dei fleste verksemder med mellom 100 og 249 tilsette i fylket finnast innanfor industri samt helse- og sosialtenester. Flest verksemder utan tilsette finst innanfor jordbruk, skogbruk og fiske.