Større del barn og unge er fattige

Større del barn og unge er fattige

Delen barn som veks opp i låginntektsfamiliar har auka frå fem til åtte prosent i Noreg i perioden frå 2002 til 2012.  Låg-inntektsfamiliar er hushald som gjennom tre år har hatt ei gjennomsnittleg netto inntekt under 60 prosent av median-inntekta. Medianinntekt i Møre og Romsdal i 2012 var 333 000 kroner. Med denne måten å måle fattigdom på, var det 78 200 fattige barn i Noreg i 2012. For Møre og Romsdal var talet 2 800. Frå 2011 til 2012 auka delen fattige barn i fylket frå 5,0 prosent til 5,4 prosent.

Det var også ein auke i talet personar i låginnteksthushald i aldersgruppa 18 til 34 år. I 2012 var det 8,9 prosent i denne gruppa som hadde vedvarande låginntekt.

Det er fleire årsaker til at delen fattige barn og unge har auka. For det første har inntektsutviklinga ført til at låginntektsgrensa har vorte høgare. Auka innvandring er ei anna forklaring. I 2012 hadde halvparten av barna i låginntektsfamiliar innvandrarbakgrunn. Det har også vore ein auke i talet på einslege forsørgjarar med låg inntekt. Vidare har mange offentlege overføringar og ytingar ikkje vorte regulerte i samsvar med lønns- og prisveksten, og det har gitt konsekvensar for kor mange familiar som har låginntekt. Den viktigaste årsaka til låginntekt er likevel manglande yrkesdeltaking.

Møre og Romsdal er blant dei fylka som har lågast barnefattigdom, men som elles i landet ser vi ei stigande kurve dei siste ti åra.

Det er store forskjellar mellom kommunane i del hushald med låg inntekt. Smøla er kommunen med flest hushald med vedvarande låg inntekt, her var denne delen 13,8 prosent i 2011. Best ut kjem Midsund kommune, med 4,0 prosent. Det er også stor skilnad mellom dei tre største byane i fylket; i Kristiansund var delen 9,3 prosent, i Ålesund 6,7 prosent og i Molde 5,7 prosent.

Personar med låginntekt, EU-skala 60 prosent

Last ned

Tal personar i aldersgruppa 0 - 17 år, EU-skala 60 prosent

Last ned

Relativ del personar med låginntekt, EU-skala 60 prosent av median. 2010-2012 etter fylke

Last ned