Mest pendling innanfor sørvis- og sekundærnæringane
Fordelinga av innpendlarar til ein kommune etter næring speglar først og fremst næringsstrukturen i kommunen. Blant innpendlarane til bykommunane i fylket var det i 2013 relativt mange som arbeidde innanfor sørvisnæringane. Nær halvparten (48 prosent) av innpendlarane til Ålesund arbeidde innanfor sørvisnæringane, og tilsvarande tal for Kristiansund og Molde var høvesvis 44 prosent og 38 prosent.
Blant to av dei fire kommunane med relativ høgast innpendling var dei fleste innpendlarane sysselsette i sekundær-næringane. I Ulstein arbeidde 61 prosent av innpendlarane innanfor desse næringane, og i Hareid var tilsvarande tal 58 prosent. I dei andre to kommunane med høgast relativ innpendling i fylket arbeidde innpendlarane i stor grad innanfor sørvisnær-ingane; i Ørskog gjaldt dette 57 prosent av innpendlarane og i Skodje 44 prosent.
Ser vi på kommunane med høgast utpendling i prosent av sysselsette, ser vi at desse kommunane i stor grad forsyner andre kommunar med arbeidstakarar innanfor sørvisnæringane og sekundærnæringane. I Skodje og Sula, dei to kommunane med mest utpendling, er største delen utpendlarar innanfor sørvisnæringane. Dei andre to store utpendlarkommunane i fylket, Gjemnes og Ørskog, har største delen utpendling innan sekundærnæringane.
Det er relativt lite pendling innanfor den største næringa i Møre og Romsdal, helse- og sosialtenester, målt etter talet på sysselsette. Volda er den einaste kommunen der største delen av innpendlarane, det vil seie 32 prosent, var sysselsette innanfor denne sektoren. Volda hadde også den høgste delen innpendlarar som arbeidde innanfor undervisning; 15 prosent av dei som pendla inn til Volda var sysselsette i undervisningssektoren.