Ein av fire sysselsette pendlar

Ein av fire sysselsette pendlar

Pendlarar er definert som sysselsette som har arbeidsstaden sin i ein annan kommune enn der dei bur. I 2013 var det 135 481 sysselsette personar busett i Møre og Romsdal og 130 461 sysselsette med arbeidsstad i fylket. Dette ga ei underdekning i tal arbeidsplassar på 5 020. Målt i forhold til arbeidsplassar var pendlinga inn til fylket på 3,7 prosent, medan 7,3 prosent av dei yrkesaktive pendla ut av fylket.

Om lag ein av fire sysselsette som bur i Møre og Romsdal var i 2013 pendlarar. Ålesund har størst innpendling målt i absolutte tal; over 8 200 personar har arbeidet sitt i Ålesund, medan dei bur i ein annan kommune.  Om ein ser på innpendlarar i prosent av sysselsette som arbeider i kommunen, kjem Ulstein og Skodje høgast. I desse kommunane er over 40 prosent av arbeidstakarane innpendlarar. Innpendlinga var også stor i Ørskog og Hareid. Her var delen innpendlarar på høvesvis 39,5 prosent og 36,2 prosent. Innpendlinga var minst til Smøla, Vanylven og Sandøy.

Dei kommunane i fylket som har størst utpendling i prosent av sysselsette er Skodje, Sula, Gjemnes og Ørskog. I desse kommunane hadde meir enn halvparten av dei sysselsette som budde i kommunen arbeidet sitt i ein annan kommune. I absolutte tal var utpendlinga størst frå Ålesund kommune. Lågast utpendling var det frå Sandøy, både i absolutte og relative tal.

Dei fleste kommunane i fylket hadde netto utpendling i 2013. Netto utpendling betyr at ein kommune har større utpendling enn innpendling. Dei einaste kommunane med større innpendling enn utpendling var Molde, Ålesund, Ulstein og Sunndal. Dette er kommunar med fleire arbeidsplassar enn sysselsette busett i kommunen, og det er høg innpendling til desse fire kommunane frå nabokommunane.

Tal pendlarar ut / inn til kommunen 2013

Last ned

Pendling per kommune 4. kvartal 2013

Last ned

Pendlingsstraumar mellom kommunane i Møre og Romsdal 2013

Last ned