Fleire statlege arbeidsplassar

Fleire statlege arbeidsplassar

I 2013 var det 39 526 sysselsette i offentleg sektor i Møre og Romsdal. Det utgjorde 30,3 prosent av alle arbeidsplassane i fylket. Dette er på same nivå som landet elles. 68 prosent av dei sysselsette i offentleg sektor i Møre og Romsdal er tilsett i kommunane. Frå 2009 til 2013 auka tal sysselsette i kommunal sektor med 1 834 tilsette. Dei fleste av desse vart tilsett i helse- og omsorgssektoren. 

Ser ein nærare på kommunane i Møre og Romsdal, finn ein store skilnadar når det gjeld offentlege arbeidsplassar. I Nesset og Tingvoll utgjer arbeidsplassane i offentleg sektor 45,4 prosent av arbeidsmarknaden, medan den i Volda utgjer 46,5 prosent. På andre sida av skalaen finn vi Ulstein, kor offentlege arbeidsplassar utgjer 16,4 prosent av arbeidsplassane i kommunen, medan offentleg sektor i Sykkylven utgjer 19,6 prosent.

Frå 2009 og til 2013 hadde bykommunane Ålesund, Molde og Kristiansund den største veksten i offentleg sektor. Men også Rauma og Ørsta hadde ein vekst på over 100 offentlege arbeidsplassar. Ørskog og Haram opplevde den største nedgangen i same tidsperiode.

Dersom vi ser på statlege arbeidsplassar, vart det på landsbasis 21 330 fleire sysselsette mellom 2009 og 2013. Dette var ein auke på 7,5 prosent. For Møre og Romsdal var veksten i same tidsperiode på 7,2 prosent, eller 722 sysselsette. Dei fleste av desse statlege stillingane kom i bykommunane Ålesund (319) og Molde (118). Kristiansund opplevde ein vekst på 25 stillingar i same tidsperiode.

Fylkesvis er det naturleg nok Oslo som tronar på topp når det gjeld årsverk i statsforvaltninga per 1000 innbyggarar i 2013. Møre og Romsdal, som låg på nest siste plass i 2012, har no 32,5 årsverk i statsforvaltninga per 1000 innbyggarar. Vi ligg dermed høgare enn Rogaland, Østfold, Buskerud og Aust-Agder.

Sysselsette personar etter arbeidsstad og sektor, 2013

Last ned

Årsverk i statsforvaltinga per fylke per 1000 innbyggarar 2013

Last ned

Sysselsette i offentleg sektor, Møre og Romsdal, 2013

Last ned