Flest nyetableringar i byane

Flest nyetableringar i byane

I 2013 vart det registert 1 965 nye føretak i Møre og Romsdal. Dette er ein svak auke på 16 nyetableringar frå året før. Dette er om lag på same nivå som i landet elles, der talet på nyetableringar gjekk opp ein prosent.

Flest føretak vart etablert innan spesialisert bygg og anlegg, omsetning og drift av fast eigedom, oppføring av bygningar, detaljhandel, helsetenester og kunstnarisk- og underhaldningsverksemd.   
862 eller 43,9 prosent av dei nye føretaka i fylket vart etablerte i Ålesund, Molde og Kristiansund. Av desse vart over halvparten (454) etablerte i Ålesund. Etter byane finn vi flest nyetableringar i 2013 i Ulstein og Volda.

I 9 av 10 nyetablerte føretak i 2013 var det ingen tilsette (1 766 føretak). Dei nye føretaka som har tilsett folk, har til saman sysselsett 810 personar. I 2013 var det færre nyetablerte føretak som hadde nokon tilsett, 199 – mot 236 i 2012. Talet på tilsette totalt i nyetablerte føretak er likevel omlag som i 2012.

Etableringsgrad er eit mål som vert nytta for å samanlikne etableringsaktiviteten innan ulike område. Etableringsgraden er talet på nyregistrerte føretak i forhold til eksisterande føretak. I 2013 var etableringsgraden i Møre og Romsdal på 10,9. I Noreg var etableringsgraden 13,2 i 2013.

Blant kommunane i Møre og Romsdal var etableringsgraden høgast i Ørskog og lågast i Midsund. 13 kommunar hadde ein etableringsgrad lik eller større enn den gjennomsnittlege etableringsgraden i fylket, medan fem kommunar hadde ein etableringsgrad høgare enn den nasjonale på 13,2 prosent.
Nye føretak har høg overlevingsgrad i Møre og Romsdal. Av om lag 1 900 føretak i 2006 var 680 eller 35,6 prosent i drift etter 5 år. For landet var delen av føretak som framleis var i drift etter 5 år, klart lågare (30,9 prosent). Berre Sogn og Fjordane og Nord-Trøndelag har høgare overlevingsgrad enn Møre og Romsdal.

Tal føretak, nyetableringar, etableringsgrad og nyetableringar per 1000 innbyggarar. 2013

Last ned

Nyetableringar per 1000 innbyggarar 2013, fylkesvis og landet

Last ned

Relativ del nyetablerte føretak i drift 5 år etter oppstart i 2006

Last ned