Framleis lite kriminalitet

Framleis lite kriminalitet

Det vart i 2013 meldt 11 311 lovbrot i Møre og Romsdal, mot 11 399 i 2012. Det har vore ein nedgang i melde lovbrot her i fylket, i 2003 var talet 11 756. Dette finn vi òg i dei andre fylka og i heile landet. Samstundes har talet på melde narkotikabrotsverk auka i Møre og Romsdal, noko vi også finn for landet elles.

Bruker vi dei faktiske tala og ser på eit gjennomsnitt for melde lovbrot i perioden 2011-2012 mot eit gjennomsnitt for 2012-2013, finn vi at talet på melde lovbrot har minka i 21 kommunar i Møre og Romsdal. Reduksjonen har vore størst i Molde. Melde lovbrot har auka i 15 av kommunane og i faktiske tal er auken størst i Kristiansund og Ålesund. Bruker vi dei relative tala, kan vi sjå at det har vore størst reduksjon i Halsa kommune, og størst auke i Skodje kommune.

Møre og Romsdal har ein låg kriminalitetsrate. Av fylka er det berre Sogn og Fjordane som har ein lågare del melde lovbrot per 1000 innbyggjarar. I snitt var det 43,8 melde lovbrot per 1000 innbyggjarar i perioden 2012-2013 i Møre og Romsdal, mens det i Sogn og Fjordane var 41,6. Ser vi landet under eitt, er det gjennomsnittleg 74,7 melde lovbrot per 1000 innbyggjarar.

Viss ein ser på lovbrot etter type kriminalitet, er “anna vinningskriminalitet” og “anna kriminalitet” dei oftast melde lovbrota. Til saman utgjer desse 43,0 prosent av melde lovbrot i 2013. Valds-, narkotika- og trafikkriminalitet utgjer høvesvis 8,6 prosent, 14,2 prosent og 21,1 prosent, medan økonomisk kriminalitet stod for 3,3 prosent og seksualkriminalitet 2,2 prosent.

Melde lovbrot per 1 000 innbyggarar i Møre og Romsdal. To års gjennomsnitt

Last ned

Melde lovbrot i Møre og Romsdal etter lovbrotstype 2003 - 2013

Last ned

Melde lovbrot per 1000 innbyggarar 2012-2013 (to års gjennomsnitt)

Last ned