Lokalavisdekninga viser regiontilhøyring

Lokalavisdekninga viser regiontilhøyring

Dekningsområdet til lokalavisene gir eit bilete av dei sosio-kulturelle tilhøva i fylket. Avisene er aktive samfunnsaktørar som bidreg til å bygge og styrke lokal identitet og samkjensle i eit område.

Avisbildet i Møre og Romsdal er prega av at det er tre regionale dagsaviser som dekker kvar sin del av fylket. Under desse er det ein flora av lokale aviser som kjem ut 1-3 gonger i veka, og som dekker eín eller nokre få kommunar.

På Sunnmøre har Sunnmørsposten gjennomgåande høg dekning i heile ålesundregionen og noko lågare i eiksundregionen. Heile Sunnmøre, bortsett frå Ålesund, er dessutan dekt av lokalaviser – heile 12 papiraviser og ei nettavis (Herøynytt). Det typiske er at desse har skarpt avgrensa kjerneområde med svært høg dekning, men med få abonnentar utanom (bortsett frå spreidde utflyttarar over heile landet – spesielt i Oslo). Dei største lokalavisene er Møre-Nytt (Ørsta), Møre (Volda), Vestlandsnytt (Sande og Herøy) og Vikebladet Vestposten (Ulstein og Hareid), alle med eit opplag på over 3 500. I Vanylven er det eit innslag av nordfjordavisa Fjordenes Tidende.

I Romsdal er Romsdals Budstikke dominerande i alle kommunane, bortsett frå Vestnes og Rauma, som har eigne lokalaviser. Sandøy, på grensa mot Sunnmøre, er delt om lag likt mellom Sunnmørsposten, Romsdals Budstikke og lokalavisa Nordre.

På Nordmøre er avisbiletet meir samansett. Tidens Krav er dominerande i kommunane på Ytre Nordmøre, bortsett frå grensekommunane Eide og Gjemnes, der Romsdals Budstikke er størst. På Smøla og i Aure har vekeavisa Nordvestnytt stor dekning, utan at det synest å gå nemnande ut over Tidens Krav. På Indre Nordmøre er konkurransen hardare, der Aura Avis (Sunndal og Tingvoll) og Driva (Surnadal, Rindal, Halsa og Sunndal) tek mykje av marknaden. Mot grensa til Trøndelag gjer Adresseavisen seg i aukande grad gjeldande.

Husstandsdekning for lokalavisene i fylket i prosent pr kommune 2013

Last ned