Likestilling
Fleire kvinnelege leiarar
Kvart år publiserer Statistisk sentralbyrå (SSB) 12 indikatorar for kjønnslikestilling i kommunane. Desse blir nytta til å seie noko om regional- og kommunal likestilling. Tala for Møre og Romsdal viser framleis at vi har ein veg å gå når det gjeld kjønnslikestilling. Skal fylket vere attraktivt for kvinner å bu i og flytte til, er det viktig at resultata på likestillingsindeksen betrar seg.
Det er særleg på indikatorar som seier noko om forholdet mellom menn og kvinner innanfor arbeidslivet og politikken at fylket kjem dårleg ut, samanlikna med resten av landet. Vi ser at kjønnsbalansen innanfor både offentleg og privat sektor er låg. I perioden 2008 til 2012 har delen kvinner sysselsett innan offentleg sektor lege stabilt på 75 prosent, medan delen kvinner i privat sektor har lege på rundt 34 prosent i same tidsrom. Også når det gjeld kjønnsbalansen i næringstrukturen har Møre og Romsdal ei utfordring, på denne indikatoren har skåren gått litt ned frå 2011.
Det er viktig å trekke fram at det også er område innan likestillinga i Møre og Romsdal der vi finn ei positiv utvikling. M.a. har delen kvinnelege leiarar auka jamt dei siste åra. I 2008 var denne delen 29,4 prosent og i 2012 hadde den auka til 32,2 prosent.
Fleire barn går i barnehage
Vi skårer høgt, og er blant dei beste fylka, på indikatoren Del barn i alderen 1-5 år i barnehage. Gjemnes og Ulstein er dei kommunane i fylket med høgast del barn i barnehage, indikatoren viser over 100 prosent. Lågast skåre har Halsa kommune med 80,6 prosent.
Frå 2008 til 2012 har del barn frå 1-5 år i barnehage auka i 22 av kommunane i Møre og Romsdal. Aukinga har vore størst i Giske kommune frå 80,3 prosent i 2008 til 95,7 prosent i 2012.
Stadig fleire fedrar nyttar fedrekvota
Møre og Romsdal skårar godt på indikatoren Del fedrar som tek ut fedrekvota eller meir av foreldrepengeperioden. Her er fylket det femte beste i landet. Samanlikna med tal frå 2008 er det denne indikatoren som har auka mest i fylket, noko vi òg ser har skjedd i dei andre fylka.
Halsa kommune har den høgaste skåren på denne indikatoren, med 82,4 prosent, medan Smøla er dårlegast, med 55,9 prosent fedrar som tek ut heile fedrekvoten eller meir av foreldrepengeperioden. 33 av 36 kommunar hadde ein auke på denne indikatoren frå 2008 til 2012. Endringane på indikatoren har vore størst i Eide kommune; frå 51 prosent i 2008 til 75,4 prosent i 2012.
Kvinner i kommunestyra – betring i 2015?
Eit område der Møre og Romsdal no har ein moglegheit til å forbetre seg, er del kvinner i kommunestyra. Etter kommunevalet i 2011 kom Møre og Romsdal dårleg ut på denne likestillings-indikatoren, med 35,9 prosent kvinnelege kommunestyrerepresentantar. Landsgjennomsnittet var 38,2 prosent.
Molde kommune er ein føregangskommune når det kjem til kvinnelege kommunestyrerepresentantar. Tala viser at det nærast er like mange menn som kvinner i deira kommunestyre. Kommunane Sunndal og Aukra har begge over 45 prosent kvinnelege kommunestyrerepresentantar. Stordal kommune skårar lågast, dei har 13,3 prosent kvinnelege representantar i sitt kommunestyre. Midsund har 17,6 prosent kvinnelege kommunestyrerepresentantar.
Etter førre kommunestyreval var det 10 kommunar i Møre og Romsdal som hadde ein kvinnedel på under 30 prosent i kommunestyra. Neste haust kan resultatet på denne likestillings-indikatoren vere betre.