Spelemidlar

Spelemidlar

13 millionar kroner meir til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

For heile landet vart det i 2014 sett av nærare 860,7 millionar kroner av spelemidlane til idrettsanlegg. I 2014 vart det gjeve tilsegn om spelemidlar til anlegg for idrett og fysisk aktivitet i Møre og Romsdal  på nærare 60,3 millionar kroner. Møre og Romsdal hadde den sjette høgaste tilskotsramma blant fylka i landet. Dette er same plassering som i fjor. 

Tilskotsramma til Møre og Romsdal auka med rundt 13,1 millionar kroner frå 2013 til 2014. Bakgrunnen for dette er endring i spelemiddelnøkkelen. Denne endringa gir ei opptrapping i spelemidlar til idrettsføremål frå 47,5 prosent til 64 prosent. Opptrappinga er ferdig i 2015.

Spelemidlane er fordelt på to anleggskategoriar. I 2014 vart det tildelt rundt 8,8 millionar kroner til nærmiljøanlegg og over 51,4 millionar kroner til ordinære anlegg. Totalt vart det godkjent 225 søknader. 105 av desse fekk løyvingar. Frå Møre og Romsdal vart det sendt inn søknader på til saman 251 millionar kroner.

6,5 millionar kroner til kulturbygg i Møre og Romsdal

Frå 2010 til 2014 har tildelte spelemidlar til den desentraliserte ordninga for lokale kulturbygg i Møre og Romsdal vore på om lag 5,2 prosent av landet totalt . Summen har variert dei siste åra, men i 2014 svara 5,2 prosent til nærare 6,5 millionar kroner. Ordninga sikrar at kvart fylke får om lag same del tilskot kvart år.

Tilskot til desentralisert ordning for tilskot til kulturbygg, 2010-2014

Last ned

Spelemidlar til ordinære anlegg, Møre og Romsdal, 2010-2014

Last ned

Spelemidlar til nærmiljøanlegg, Møre og Romsdal, 2010-2014

Last ned