Friluftsliv

Friluftsliv

126 statleg sikra friluftsområde i Møre og Romsdal

Tilgang til friluftslivsområde i nærleiken av der folk bur er viktig for å sikre ei aktiv befolkning. Det er dei tre største byane saman med Surnadal som har mest statleg sikra areal. Kommunane har generelt sikra fleire perifere område og markområde rundt tettstadane enn areal inne i buområda. Det er desse grøntstrukturane og korridorane inne mellom husa som kanskje er dei viktigaste i folkehelsesaman-heng. Vestnes er ein kommune som dei seinare åra har jobba aktivt med temaet, og som har sikra fleire nye område. Framleis er det 6 kommunar i fylket som ikkje har nokon statleg sikra friluftslivsom-råde.

24 millionar kroner til turstiar

Dei siste fem åra har det av ei total spelemiddeltildeling på 252 millionar kroner, vore løyvd 24 millionar kroner til turvegar i Møre og Romsdal. Vi ser at det er store forskjellar mellom kommunane. Medan 9 kommunar ikkje har fått tilskott til turvegar siste åra, har ein i Rauma, Molde, Herøy, Nesset og Ålesund fått tilsaman over 10 millionar kroner.

I tillegg til spelemidlar har det i dei statleg sikra områda vore fordelt nærare 5,6 millionar kroner til ulike tilretteleggingstiltak. Fleire kommunar har ikkje har søkt eller fått tilskot. Rauma er den kommunen som dei siste åra samla sett har fått mest tilskot til tilrettelegging for friluftslivsaktivitet.

1 100 moroturar

I Møre og Romsdal er morotur.no ein av kanalane kommunane kan bruke for å marknadsføre sine turar. Til no er det registrert rundt 1 100 turar og meir enn 14 000 personar har lasta ned den tilhøyrande appen. Rauma, som allereie hadde gjort ein jobb med nettsida romsdal.com, har lagt ut 395 moroturar. Etter Rauma er det i kommunane Molde, Vanylven, Ålesund og Fræna at det er lagt ut flest moroturar.

Tal moroturar og spelemidlar til turvegar 2010-2014

Last ned

Statleg sikra friluftsområde, Møre og Romsdal 2014

Last ned