Bibliotek
Store endringar for folkebiblioteka dei siste 20 åra
Som i resten av landet, har det skjedd store endringar i bibliotekstrukturen i Møre og Romsdal dei siste 20 åra. I dag er 62 bibliotekavdelingar i drift; 36 hovudbibliotek og 26 filialar. I 1993 var det 123 bibliotekavdelingar i drift; 38 hovudbibliotek, 83 filialar og 2 bokbussar.
I gjennomsnitt vart det i Møre og Romsdal brukt 178 kr per innbyggar til lønn til dei bibliotektilsette i 2013, medan det i 1993 vart brukt 80 kr.
Av dei 88 årsverka i 1993 var 35 fagutdanna bibliotekarar (41 prosent). I 2013 er tilsvarande tal 43 (53 prosent). I 1993 var det fagutdanna bibliotekar i 21 kommunar. I dag har 25 kommunar fagutdanna personale. Tre kommunar – Gjemnes, Eide og Nesset – kjøper slik kompetanse av nabokommunar.
Det vart brukt kr 7 592 577 til innkjøp av bøker og andre media i folkebiblioteka i Møre og Romsdal i 2013. Per innbyggar svarte det til 29,27 kr.
Det vart i 1993 brukt klart meir pengar til medium enn i 2013. Rekna om til 2013-kroner vart det brukt kr 9 317 837 til media i 1993 m.a.o. 82 prosent av medierekneskapen i 1993.
Ein annan interessant forskjell mellom 1993 og 2013 er at «medium» i hovudsak var bøker i 1993. I 2013 må folkebiblioteka skilje mellom lydbøker, film, musikk og e-bøker. I 1993 sto bøker for 95 prosent av det totale utlånet, medan tilsvarande tal i 2013 er 73 prosent.
Møre og Romsdal blant dei dårlegaste
På alle nasjonale indikatorar der folkebibliotek vert målt kjem Møre og Romsdal dårleg ut. Dette gjeld m.a. talet på utlån pr. innbyggar. Det er berre på ein indikator at fylket ligg over det nasjonale gjennomsnittet, og det er på innkjøp av medium.
Stort sprik mellom kommunane i ressursbruk
I 2013 er Norddal, Nesset, Sunndal og Stordal dei kommunane som bruker mest pengar til medium per innbyggar, med Norddal på topp med kroner 108. Stranda, Sykkylven, Skodje og Eide brukte minst pengar til medium per innbyggar, med Stranda på botn med 16 kroner.
Det er i hovudsak dei små kommunane som bruker mest til mediumkjøp per innbyggar. Dei større bruker minst. Det er dyrare å tilby ei god bibliotekteneste i ein kommune med få innbyggarar enn i ein kommune med mange innbyggarar.
Sjølv om den totale bruken av pengar til medium i folkebiblioteka har gått ned med 18 prosent, er det likevel kommunar – men berre 6 - som bruker meir pengar i 2013 enn i 1993: Nesset, Ålesund, Sula, Stordal, Aukra, Ulstein.
Men heile 29 kommunar brukte mindre pengar til medium i 2013 enn i 1993. Sunndal har den største nedgangen. Kommunen brukte i 1993 670 000 kroner. I 2013 brukte dei 386 000 kr.
Reduksjon i besøk og utlån
Det totale bibliotekbesøket er 14 prosent mindre i 2013 enn i 1993. Det har vore ein jamn nedgang i det registrerte besøket sidan besøkstoppen på 1 mill. i 1995. Det er ein klar samanheng mellom besøk og talet på avdelingar. Etter dei «store» åra med nedlegging av filialar mellom 1998 og 2004, og i 2013, ser vi ein nedgang i registrerte besøk.
Talet på utlån har på heile 1990- og 2000-talet lege stabilt mellom 1 050 000 og 1 100 000, med ein topp i 2004 på 1 150 000 registrerte utlån. Det totale mediumutlånet er likevel 5 prosent mindre i 2013 enn i 1993. Ein grunn kan vere at bokbussen i Rauma og 5 filialar i forskjellige kommunar vart lagde ned i 2012/13. Berre frå bokbussen vart det siste driftsår registrert 20 000 utlån.
21 kommunar har mindre utlån i 2013 enn i 1993. Av dei 10 med høgast utlån i 1993 er det berre Norddal, Rauma og Halsa som er på 10-på-topp lista i 2013.