Stadig fleire kommunar samarbeider om barnevern

Stadig fleire kommunar samarbeider om barnevern

I Kommune-Stat-rapporteringa (Kostra) er det mykje statistikk og informasjon om dei kommunale tenestene. Innan barnevern rapporterer kommunane kvart år på ei heil rekke forhold som gir nyttig kunnskap om kva for, i kva grad og i kva omfang kommunane tilbyr barneverntenester.

Kommunane i Møre og Romsdal nytta meir av eigne frie inntekter til barneverntenester i 2013 enn i 2003. Medan gjennomsnittet til kommunane i heile Noreg har vore stabilt, er det ein tendens til at barnevernet i Møre og Romsdal i stadig aukande grad blir prioritert. Kommunane i Møre og Romsdal nyttar likevel ikkje like mykje av dei frie inntektene til barneverntenestene som gjennomsnittet av landet.

I 2013 var det kommunane Gjemnes og Hareid som brukte størst del av sine netto driftsutgifter til barnevern, medan kommunane Norddal og Sande brukte minst del.

Det har vore nokre endringar i kva som er rekna med i netto driftsutgifter til barneverntenestene. Tala for 2003 og 2013 kan difor ikkje samanliknast direkte med kvarandre.

Frå og med 2011 har det vore ei statleg finansiert styrking av kapasitet og kompetanse i dei kommunale barneverntenestene.  Dei fleste kommunane i Møre og Romsdal har fått styrkt barneverntenesta ved at det er tildelt statlege midlar til 44,1 stillingar.

Dette har naturleg nok gitt utslag i Kostra, der vi ser at kommunane har auka talet på tilsette i høve til barnetalet i kommunen. Talet på tilsette i kommunane som arbeider innan barneverntenesta har auka med over 50 prosent frå 2003 til 2013.

Fleire og fleire kommunar inngår i interkommunalt samarbeid om barnevernet, både på landsbasis og i Møre og Romsdal.  Pr. 1. juli 2014 har 21 av kommunane i Møre og Romsdal inngått i slikt samarbeid.

Ressursar brukt på barnevern i kommunane i Møre og Romsdal

Last ned